Vedtekter

Rettleiande vedtekter for helselag og demensforeiningar (nynorsk)

Vedteke av landsstyret 17. juni 1990 med seinare justeringar (siste 2014)

Rettleiande vedtekter for helselag og demensforeiningar i Nasjonalforeningen for folkehelsen i word format på nynorsk.

Reglane som er utheva er fastsette i Lov for Nasjonalforeningen for folkehelsen og kan ikkje endrast i vedtektene.

Lokallaga er Nasjonalforeningen for folkehelsen sitt organisatoriske grunnelement. Lokallaga er sjølvstendige økonomiske og juridiske einingar, med dei rettar og plikter dette medfører. Lokallaga er underordna organisasjonen sine lover, vedtekter, statuttar, retningslinjer, handlingsprogram og vedtak. Skiping av eit lokallag, og val av namn, skal godkjennast av styret i fylkeslaget. Endring av lokallaget sine geografiske grenser skal godkjennast av styret i fylkeslaget.

§ 1. Namn

Lokallaget sitt namn er: "Nasjonalforeningen for folkehelsen ... helselag" eller "Nasjonalforeningen for folkehelsen ... demensforening ".

§ 2. Føremål

  1. Engasjere seg i verksemd som er i samsvar med handlingsprogram og vedtak i Nasjonalforeningen for folkehelsen, og gjennomføre desse. Demensforeiningane sitt føremål er knytt til arbeidsområdet demens.
  2. Arbeide med aktuelle oppgåver i lokalmiljøet, i samsvar med medlemmene sine interesser, og utvikle konkrete årsplanar for verksemda i lokallaget. Demensforeiningane sine årsplanar skal vere i samsvar med Nasjonalforeningen Demensforbundet - Rådet for Demens sine vedtekter og årsplanar.
  3. Kontinuerleg rekruttere medlemmer til laget.

§ 3. Organisatorisk plassering

  1. Lokallaga er underordna organisasjonen sine lover, handlingsprogram, vedtekter, retningslinjer og vedtak. Skiping av eit lokallag, samt val av namn, skal godkjennast av styret i fylkeslaget. Endring av lokallaget sine geografiske grenser skal godkjennast av styret i fylkeslaget. Det kan vere fleire lokallag i ein kommune.
  2. Fylkeslaget er nærmaste organisatorisk overordna for lokallaget.Lokallaget sitt nærmaste samarbeids- og samordningsorgan er Nasjonalforeningen for folkehelsen sitt samarbeidsutval i kommunen, der slikt er skipa ifølgje §7 i lova.
  3. Nasjonalforeningen Demensforbundet - Rådet for Demens samlar demensforeiningar i eit fellesskap med eige årsmøte, jf. vedtekter.

§ 4. Geografiske grenser

  1. Lokallaget sine geografiske grenser vert fastsette av årsmøtet i lokallaget og skal godkjennast av styret i fylkeslaget.
  2. Usemje mellom lokallag om grensene vert avgjorde av fylkeslaget. Fylkeslaget si avgjerd kan ankast inn for sentralstyret.
  3. Det kan vere fleire lokallag i ein kommune. Lokallaget kan organiserast med undergrupper. I kommunar med berre eitt lokallag, er laget kontaktledd og høyringsinstans for organisasjonen i høve til offentlege styringsorgan. I kommunar med fleire lokallag er det samarbeidsutvalet, der alle lokallaga i organisasjonen er representert, som er kontaktledd og høyringsinstans.

§ 5. Lokallaget sitt årsmøte

- Årsmøtet er lokallaget si øvste leiing. Alle medlemmer av lokallaget har møterett. Når det gjeld stemmerett, sjå § 4.2. i lova. Lovleg innkalla årsmøte er vedtaksført dersom det møter eit tal medlemmer som minst svarar til talet på styremedlemmer. På årsmøtet kan det ikkje behandlast forslag om endring av lover eller vedtekter som ikkje er oppført på utsendt/kunngjort saksliste. Andre saker kan behandlast når 2/3 av dei som har stemmerett på årsmøtet vedtek det, ved godkjenning av sakslista.
- Styret kallar inn til årsmøte med minst ein månads varsel, direkte til medlemmene eller på annan forsvarleg måte.
- Årsmøtet skal haldast innan utgangen av mars månad. Forslag som skal behandlast på årsmøtet må vere sendt til styret seinast to veker før årsmøtet.
- Fullstendig saksliste og andre nødvendige saksdokument må vere tilgjengeleg for medlemmene seinast ei veke før årsmøtet.

Årsmøtet skal:

- Godkjenne dei som har stemmerett.
- Godkjenne innkallinga, sakslista og møteplanen.
- Velje møteleiar, sekretær og to representantar til å underskrive protokollane.
- Behandle årsmelding og revidert rekneskap.
- Behandle innkomne forslag.
- Vedta budsjett og arbeidsplan for laget for komande år.
- Ved eigne val velje styre sett saman av:
- Leiar
- Nestleiar
- Sekretær
- Kasserar og styremedlemmer og varamedlemmer i høve til lokallaget sin storleik og aktivitet, og i høve til lokallaget sine vedtekter. Minst ein styremedlem bør ha helsefagleg bakgrunn. Valperioden for leiar skal som ein hovudregel vere to år med høve til attval inntil fem gonger. Eit fleirtal av dei som har stemmerett på lokallaget sitt årsmøte kan for ein enkel valperiode gjere unntak frå denne hovudregelen.
- Velje delegat(ar) til fylkesårsmøte og landsmøte.
- Velje revisor.
- Velje valkomité for eit år. Forslag på medlemmer og varamedlemmer til valkomiteen, og kor mange, vert fremja av styret.

Revidering av vedtekter for lokallag vert vedteke i årsmøtet og må godkjennast i sentralstyret ved endringar.

Ekstraordinært årsmøte
Det skal innkallast til ekstraordinært årsmøte med minst fire vekers varsel når årsmøtet vedtek det, eller når minst 2/3 av lokallagsstyret eller 1/3 av lokallaget sine medlemmer skriftleg har kravd det. Ekstraordinært årsmøte kan også haldast ved krav etter vedtak i overordna organisasjonsledd. Ekstraordinært årsmøte skal kunngjerast på same måte som ordinært årsmøte, og kan berre behandle saker som er kunngjort ved innkalling til møtet.

§ 6. Lokallaget sitt styre

- Årsmøtet i lokallaget vel styre som er laget si øvste leiing mellom to årsmøte. Styret:
- skal leie lokallaget og koordinere den lokale verksemda i organisasjonen i samsvar med organisasjonen sine lover, vedtekter, statuttar, retningslinjer, handlingsprogram og vedtak, i samråd med fylkesstyret.
- er med på å realisere handlingsprogram og vedtak i organisasjonen, i samråd med fylkesstyret.
- er med på å realisere organisasjonen sitt handlingsprogram gjennom eiga verksemd.
- legg til rette for opplæring av eigne tillitsvalde og informerer om organisasjonen sine saker til medlemmer og publikum.
- pliktar å protokollere alle vedtak. Opptak av lån og/eller større løyvingar skal godkjennast av årsmøtet, eventuelt ekstraordinært årsmøte.
- pliktar å føre tilsyn med eventuelle arbeidsgrupper/undergrupper i lokallaget, slik at desse arbeider innanfor organisasjonen sine lover, vedtekter, statuttar, retningslinjer, handlingsprogram og vedtak.
- kan gjere vedtak når minst halvparten av styremedlemmene er til stades. Ved likt stemmetal vert leiaren si stemme avgjerande.

§ 7. Leiaren

  1. Representerer styret når dette ikkje sit samla.
  2. Tek mot referat og annan informasjon frå andre deler av organisasjonen og pliktar å gjere motteken informasjon kjend for eige styre, og medlemmene elles når slik informasjon tilseier det.
  3. Førebur, innkallar og leier styremøta og årsmøtet.
  4. Har ansvar for å følgje opp styret sin årsplan og vedtak, og at styret er godt informert om eigen økonomi.
  5. Fremjar aktuelle saker for styret.
  6. Mottek eigne utskrifter frå lokallaget sine kontoar og held seg oppdatert om økonomien i laget.
  7. Stimulerer alle deler av lokallaget til innsats.

§ 8. Nestleiaren

  1. Fungerer som leiar når leiaren er forhindra.
  2. Held seg informert om leiarfunksjonen slik at ho/han kan overta denne ved kortare eller lengre fråvær.
  3. Støttar og avlastar leiaren i leiararbeidet.

§ 9. Sekretæren

  1. Ordnar med møtereferat.
  2. Utarbeider årsmelding og nødvendige rapportar for lokallaget og andre deler av Nasjonalforeningen for folkehelsen, i samråd med leiar og kasserar.
  3. Held lokallaget sine arkiv i god stand.

§ 10. Kasseraren

  1. Fører rekneskap og melder frå om eventuelle budsjettavvik.
  2. Er med i budsjettarbeidet og ser til at det er samsvar mellom planar og økonomi i lokallaget.
  3. Utfører økonomiske disposisjonar i samsvar med vedtak i styremøte/årsmøte.
  4. Rapporterer jamleg til styret om økonomisk status.

§ 11. Revisoren

  1. Reviderer rekneskapa i samsvar med god revisjonsskikk.
  2. Bør foreslå nødvendige forbetringar i, og effektivisering av, økonomiforvaltninga i lokallaget.
  3. Møter i lokallaget sitt årsmøte til gjennomgang av rekneskapen.

§ 12. Individuelle medlemmer

  1. Alle kan melde seg inn som individuell medlem av Nasjonalforeningenfor folkehelsen. Der det ikkje er lokallag, kan medlemskap teiknast i fylkeslaget i fylket der ein bur eller i organisasjonen sentralt. Der det ikkje finst demensforeining, er det høve til å teikne sentralt medlemskap for arbeidsområdet demens. Medlemmer i ei demensforeining er personar med demens, pårørande, helsepersonell og andre interesserte.
  2. Medlemskapet gjeld for den tid det er betalt kontingent for.

§ 13. Medlemsrettar

Medlemmene har rett til å bere Nasjonalforeningen for folkehelsen sitt merke.

§ 14. Medlemsplikter

  1. Medlemmene har plikt til å arbeide for og i samsvar med Nasjonalforeningen for folkehelsen sitt handlingsprogram, lover, vedtekter, retningslinjer og vedtak.
  2. Medlemmene må kunne dokumentere at dei har betalt kontingent for inneverande periode.

§ 15. Kontingent

Medlemmene betalar den kontingent som til ei kvar tid er fastsett, ifølgje §5 i lova.

§ 16. Medlemsaktivitetar

  1. Lokallaget arrangerer medlemsmøte i tillegg til årsmøtet.
  2. Styret og lokallaget sine medlemmer utviklar tenlege aktivitetsformer for å gjennomføre Nasjonalforeningen for folkehelsen sitt handlingsprogram og vedtak.
  3. Lokallaget sine aktivitetar skal stimulere medlemmene til auka innsats, og hjelpe fram rekruttering.
  4. Lokallaget bør spesielt engasjere seg i å rekruttere helsearbeidarar som medlemmer og medarbeidarar i verksemda.

§ 17. Forvaltning

Kapital og eigedom til lokallaget skal forvaltast på ein forsvarleg måte og slik at den gir føremålstenleg utbyte.

§ 18. Æresteikn

Lokallaget deler ut æresteikn i samsvar med det reglement som sentralstyret til ei kvar tid har godkjent.

§ 19. Vedtektsendringar

  1. Lokallaget sine vedtekter byggjer på "Rettleiande vedtekter for helselag og demensforeiningar i Nasjonalforeningen for folkehelsen".
  2. Styret utarbeider vedtektsforslag til lokallaget sitt årsmøte. Årsmøtet vedtek vedtektene med simpelt fleirtal av dei gjevne stemmene.
  3. Styret fremjar forslag til vedtektsendringar for lokallaget sitt årsmøte. Endringane må vedtakast av minst 2/3 fleirtal av gjevne stemmer og godkjennast i sentralstyret. Krav om endra vedtekter kan også kome som følgje av endringar i organisasjonen sitt lovverk eller vedtak i overordna styringsorgan.
  4. Etter søknad frå lokallaget kan sentralstyret gi dispensasjon frå dei rettleiande vedtektene.

§ 20. Oppløysing

  1. Forslag om oppløysing av lokallaget kan fremjast skriftleg av minst halvparten av laget sine individuelle medlemmer, eller styret i laget.
  2. Forslaget skal vere grunngjeve og fremja for eit ordinært årsmøte i lokallaget. I dette årsmøtet må forslaget få støtte av minst halvparten av dei medlemmene med stemmerett som er til stades.
  3. Endeleg vedtak om oppløysing finn stad på det første følgjande ordinære årsmøte. Forslaget må då få støtte av minst 2/3 av dei medlemmene med stemmerett som er til stades.
  4. Ved oppløysing vert disposisjonsretten over midlar og eigedom overført til fylkeslaget. Fylkeslaget skal i samråd med sentralstyret disponere midlar og eigedom med sikte på å overføre desse til nyskipa helselag eller demensforeining i same kommune eller fylke, dersom det oppløyste lokallaget ikkje tek opp att drifta innan tre år.
  5. Eit alternativ til oppløysing kan vere å slå laget saman med eit anna lokallag i same kommune. I praksis er dette overføring av medlemmer og midlar/eigedom til eit lag med betre føresetnad for vidare drift. Sentralstyret har vedteke eigne retningslinjer for samanslåing av lokallag.