Til hovedinnhold

Lær om kva som påverkar kva du kjøper og et

Kompetansemål: diskutere produktinformasjon og reklame for ulike matvarer

Når du er i butikken og handlar, ser etter i kjøkenskåpet eller les på mjølkekartongen til frukost, har du sikkert lagt merke til at det er mykje tekst på emballasjen til matvarene.

Noko er informasjon som produsentane må ha på pakningen. Det kan vere informasjon om ingrediensane eller næringsstoffa matvara inneheld, som vi kallar produktinformasjon. Det kan også vere informasjon som skal gjere deg meir interessert i å kjøpe eller ete maten, og som produsentane sjølv vel å ha på emballasjen eller i ein annonse. Da kallast det reklame.

Sjå lysbilete til Produktinformasjon

Sjå lysbilete til Reklame

Produktinformasjon

Informasjonen på matvarene, som vi kallar produktinformasjon, skal vere lett for forbrukarane å forstå. Det skal stå kor mykje av dei ulike næringsstoffa matvara inneheld. Det skal stå kva slags ingrediensar matvara er laga av. Det skal stå kva matvara veg. Det skal stå korleis ho skal lagrast. Av og til står det også korleis matvara bør lagast til. I tillegg skal det stå namn og adresse til dei som har produsert henne.

Nokon må lese produktinformasjonen fordi dei har ein matallergi. Andre les han fordi dei ønskjer å ete meir eller mindre av noko, eller berre fordi dei er nysgjerrige.

Når vi snakkar om ein forbrukar, meiner vi ein person som kjøper ei vare eller teneste som han eller ho tenkjer å bruke sjølv. Når du kjøper mat eller klede, er du ein forbrukar som kjøper varer. Når du klipper håret ditt hos ein frisør, er du ein forbrukar som kjøper tenester.

Det er fleire faktorar som påverkar kva du kjøper og et, og i dette temaet skal du bli litt betre kjent med nokre av desse. Som forbrukar bør du vite litt om kva som påverkar deg til å velje akkurat den maten, den buksa eller den frisøren.

Er du allereie ein bevisst forbrukar? Her kan du teste deg før du les meir!

Bevisste forbrukarar

Type
Kviss
Utstyr
Digitale verktøy

Næringsinnhald

På alle ferdigpakka matvarer skal det vere ei oversikt over næringsinnhaldet. Hugsar du at du lærte om næringsstoffa i «Kroppen sitt puslespel»? All maten i butikken består av desse næringsstoffa. Om du vil friske opp minnet om næringsstoffa, kan du gjere det her: Kroppens puslespel

Her ser du døme på næringsinnhaldet til Cheerios frukostblanding

Næringsinnhaldet gjev oss informasjon om kor mykje ei matvare inneheld av energi, feitt, metta feittsyrer, karbohydrat, sukkerartar, protein og salt. I tillegg kan produsentane velje om dei vil ha med informasjon om andre stoff som kostfiber, vitamin og mineral. 

Næringsinnhaldet skal setjast opp på ein bestemt måte, slik at det blir lettare for oss å samanlikne ulike produkt og vurdere kva slags vi vil kjøpe og ete. Det verkar kanskje tungvint å skulle lese på alle matvarene ein skal kjøpe, men det kan vere nyttig å ta ein kikk for å lære meir om kva slags næringsstoff dei inneheld. Det kan vere eit steg på vegen for å gjere deg til ein meir medviten forbrukar.

Næringsinnhaldet skal alltid stå per 100 gram, men av og til kan det vere greitt å vite næringsinnhaldet i andre mengder også. Det skal du lære å rekne ut her.

Rekn ut næringsinnhald

Type
Sjølvstendig oppgåve
Utstyr
Blyant og ark

Du har lært kvifor det står næringsinnhaldet på matvarer, og no skal du lære meir om korleis du kan forstå det som står der.

Forstå næringsinnhaldet

Type
Sjølvstendig oppgåve
Utstyr
Blyant og ark

Ingrediensliste

På alle pakka matvarer finn ein også ingredienslista. Der står det kva slags råvarer og ingrediensar matvara er laga av. Ingrediensane skal sorterast etter mengde, det vil seie at det som det er mest av, skal stå først. I tillegg skal allergen, altså stoff i maten ein kan vere allergisk mot, stå utheva til dømes i feit skrift. Då blir det lettare for den som er allergisk å sjå om maten inneheld allergen som til dømes nøtter.

Ingredienslista kan innehalde mange ulike ingrediensar, og gjerne med rare og ukjende namn. Så lenge du ikkje har ein allergi eller intoleranse, treng du kanskje ikkje å lese ingredienslista så nøye. Men det kan vere greitt å kjenne til henne likevel, akkurat som næringsinnhaldet.

I den neste oppgåva skal du øve deg på å lese og forstå ingredienslista.

Forstå ingredienslista

Type
Sjølvstendig oppgåve
Utstyr
Blyant og ark

Merkeordningar

Tykkjer du det verkar som mykje jobb å lese næringsinnhaldet og ingredienslista til alt du skal ete? Heldigvis treng du ikkje å gjere det. Det finst fleire merkeordningar som er baserte på innhaldet i matvarer, og som kan vere nyttige å bruke i staden for å lese på emballasjen.

Hugsar du til dømes Nøkkelholet, som du lærte om i "Matvaregruppene"? Nøkkelholet skal gjere det enkelt for oss å velje sunnare matvarer. Om du treng å friske opp minnet litt, kan du lese meir og gjere oppgåver om Nøkkelholet og andre merkeordningar her. 

Det er ein stor forskjell på Nøkkelholet og produktinformasjon som næringsinnhald og ingredienslista. Du veit jo no at alle produsentar må skrive kva matvara har av næringsstoff og ingrediensar. Nøkkelholet, derimot, kan dei velje om dei vil ha på, så lenge matvara er innanfor kriteria som er sette. 

Allergi

Det finst mange ulike matallergiar og intoleransar, og nokre er meir vanlege enn andre. Dei matvarene som det er vanlegast å reagere på, er nøtter, mjølk, egg, fisk og skaldyr samt mjøl som inneheld gluten. For å vite om ein har ein allergi eller intoleranse, må ein gå til legen og undersøkje seg. Ingredienslista er nyttig om ein har ein allergi.

Når du er på kjøkenet saman med ein som er allergisk mot ei matvare eller eit stoff, er det viktig at du er nøye med hygienen. Til dømes skal du alltid vaske kjøkenreiskapane godt etter at du har brukt dei, for å unngå kryssforureining. Dette kan du lære meir om i "Trygg mat" (link).

"Spor av"

Du har kanskje sett at det på mange matvarer står at dei "kan innehalde spor av" til dømes nøtter, mjølk eller egg? Det betyr at ei matvare kan innehalde litt av ei råvare, sjølv om ho ikkje står i ingredienslista. Det kan skje om ein produsent til dømes brukar same maskin til å lage fleire ulike matvarer. Sjølv om dei vaskar maskina godt mellom kvar gong dei brukar henne, kan det liggje igjen litt spor frå førre produksjon. For dei fleste av oss spelar det ikkje noko rolle, men for ein som er allergisk, kan det vere viktig å vite.

No har du lært meir om kva slags informasjon du finn på matvarene. Her kan du teste kva du hugsar!

Kviss om produktinformasjon

Type
Kviss
Utstyr
Digitale verktøy

Reklame

Ein reklame er eit hjelpemiddel som ofte brukast av produsentar, butikkar og andre for å få seld produkta eller tenestene sine.

Du har sikkert sett reklamefilmar på tv, plakatar på bussen eller når du er i butikken og annonsar på ulike nettsider. Vi blir utsette for reklame kvar einaste dag. Ein reklame inneheld ofte ein bodskap som er retta mot ei bestemt gruppe med menneske. Når ein reklame er retta mot ei spesiell gruppe, kallast den gruppa for målgruppa.

Kan du allereie mykje om reklame? Her kan du teste deg før du les meir.

Kviss om reklame 1

Type
Kviss
Utstyr
Digitale verktøy

Kva kjenneteiknar reklame?

Typiske faktorar som kjenneteiknar reklame er korte setningar, bruk av slagord og at han vender seg direkte til deg, slik at du får lyst til å kjøpe produktet. Kjenner du nokre slagord for ulike produkt eller produsentar? Eitt døme er: "Det enkle er ofte det beste" frå Rema 1000.

Reklamefilmar på TV eller plakatar på busstoppet er openbare reklamar. Men har du tenkt over at det også er reklame når til dømes ein sjokoladeprodusent oppmodar til å byggje sjokoladehus, eller når ein må kjøpe ein drikk for å kunne vere med i ein konkurranse?

I tillegg til direkte reklamar som reklamefilmar på tv, finst det andre typar reklame som ikkje alltid er så lett å oppfatte. Det kan vere til dømes ei t-skjorte med logo eller ein bloggar som fortel om eit produkt han eller ho har fått gratis. Det kallast indirekte reklame, og går via eit mellomledd i staden for å vende seg direkte til deg slik ein reklamefilm på tv gjer.

Vi har ei eiga lov for reklame i Noreg som kallast marknadsføringslova. Her står det kva ein må ta omsyn til når ein skal lage reklame for ulike produkt og tenester. Til dømes er det ikkje lov å lage reklame som inneheld galne opplysningar eller tvingar nokon til å kjøpe noko. Det er Forbrukarombodet som passar på at dei som lagar reklamar, følgjer lova.

Kva påverkar oss?

Det finst mange undersøkingar som viser kva som påverkar oss, når vi skal handle. Mange som sel klede, mat og andre varer, har tilsette som er ekspertar på å utvikle butikkar slik at vi skal bli freista til å handle der.

Kor godt legg de merke til reklamar? Det kan de diskutere i denne oppgåva.

Finn reklamar for produkt

Type
Gruppeoppgåve
Utstyr
Digitale verktøy

Emballasje

Emballasje er det som produktet er pakka inn i. Måten matvara er pakka inn og ser ut på, kan påverke oss til å kjøpe henne. Til dømes vil barn tiltrekkast av emballasje med mykje fargar på, med teikneseriefigurar, smilefjes og andre emojis eller liknande. Menneske som er glade i å trene, blir tiltrekte av mat som viser at han er sunn eller bra for trening. Dei som har det travelt i kvardagen, vil like middagar med emballasje som fortel at dei er enkle å lage og tek kort tid.

Har de tenkt over korleis emballasjen til ulike produkt ser ut, og kven han rettar seg mot? Det kan de få teste dykk på i denne oppgåva.

Finn målgrupper til produkt

Type
Gruppeoppgåve
Utstyr
Digitale verktøy

Hylleplassering

Kvar matvara er plassert i butikken kan også ha ein påverknad på vala vi tek. Har du lagt merke til at butikkane ofte plasserer matvarene slik at dei synest godt for målgruppene sine? Det vil seie at matvarer der barn er målgruppa ofte står på dei nedste hyllene, medan matvarer der vaksne er målgruppa står i hyller høgare opp.

No kan du sjå litt nærmare på korleis butikkane brukar hylleplassering til å selje ulike produkt.

Utforsk hylleplassering

Type
Sjølvstendig oppgåve
Utstyr
Blyant og ark

Vareutval

Har du tenkt over kven som bestemmer kva du finn i butikken? Det er i hovudsak butikkjedene som bestemmer kva matvarer dei vil ha i butikkane sine. Dei ser mellom anna på kor mykje dei sel av dei ulike matvarene. Kvart år kjem det mange nye matvarer i butikkane, og mange andre forsvinn.

Sjølv om det er butikkane som bestemmer kva slags varer dei vil ha i butikken sin, må vi ikkje gløyme at vi har forbrukarmakt! Med forbrukarmakt meiner vi at vi forbrukarar kan påverke butikkane til dømes til å selje produkt vi ønskjer. Om du ikkje finn favorittproduktet ditt i butikken, kan du ganske enkelt spørje butikksjefen om dei kan bestille det. I mange tilfelle kan dei ordne det, og du kan bidra til eit endå betre vareutval.

No skal de sjølve få prøve å lage eit heilt nytt produkt de skal reklamere for.

Lag dykkar eigen reklame

Type
Gruppeoppgåve
Utstyr
Blyant og ark

Reklame i sosiale medium

Norske 15-åringar ligg på topp i Europa i dagleg tid brukt på internett

Reklame i sosiale medium er annleis enn reklame på tv eller i blad og aviser. Reklamen på til dømes Facebook og YouTube kan nemleg tilpassast brukaren, slik at ulike målgrupper får sjå ulik reklame. Det betyr at du ser andre reklamar på YouTube enn foreldra dine og venene dine ser. Reklamane er baserte på mellom anna nettsider du besøkjer og kva videoar du ser på YouTube. Ulike folk får altså ulike reklamar.

Snapchat er også ei digital plattform som brukast til målretta reklame for mat og drikke. Dei som eig kontoen på Snapchat, kjenner godt til kven som føljer dei, og tilpassar reklamane til sine følgjarar. Reklame i sosiale medium pakkast ofte inn i humor, underhaldning og konkurransar, og er vanskelegare å kjenne att enn tradisjonell reklame på til dømes tv og plakatar.

I reklamar brukast ulike verkemiddel for å få målgruppa interessert. Det kan du lære meir om i denne oppgåva.

Finn verkemiddel i reklamar

Type
Gruppeoppgåve
Utstyr
Digitale verktøy

Reklame til barn

For barn kan det vere vanskeleg å forstå kva som er reklame. Difor er reglane for reklame som er retta mot barn, strengare enn for reklame retta mot vaksne. Alle som lagar reklame må tenkje på korleis barn vil bli påverka. Dette gjeld enten barn er målgruppa, eller om dei kan sjå og høyre reklamen. Det er uansett alltid forbode å oppmode barn til å kjøpe eit bestemt produkt.

I 2013 vart det laga nokre reglar for reklame for usunn mat og drikke retta mot barn og unge i Noreg. Dei som produserer og sel mat, må følgje ei rekkje retningslinjer dei sjølv har laga for å hindre reklame retta mot barn. Til dømes kan ein ikkje ha konkurransar for barn under 13 år som reklame for godteri eller andre usunne matvarer.

Om du ser noko du meiner er reklame for usunn mat eller drikke til barn til dømes i butikken, på nettsider du besøkjer eller i filmar du ser på YouTube, kan du klage til noko som heiter Matbransjens Faglige Utvalg (MFU). Dei passar på at alle følgjer retningslinjene. Sjå meir på MFU sin heimeside www.mfu.as

No har du lært om ulike måtar å reklamere på. Ta kvissen for å teste kva du hugsar.

Kviss om reklame 2

Type
Kviss
Utstyr
Digitale verktøy

Tilbake til startsida