Til hovedinnhold

Finn målgrupper til produkt

I denne oppgåva skal de finne målgruppa for ulike produkt ved å sjå på emballasjen.

Dette gjer de:

Del inn i grupper eller bruk grupper de alt har.

Oppgåva er delt inn i tre, og læraren kan bestemme kva slags oppgåver gruppene skal løyse. 

  1. Nivå1: Kven trur du er målgruppa for dette produktet? Kvifor trur du det er målgruppa? Kan du seie noko om kva verkemiddel som er tekne i bruk for å rette seg mot målgruppa?
  2. Nivå 2: Gå i butikken. Finn eit produkt du meiner rettar seg mot treningsglade menneske. Forklar kva det er med produktet som gjer at det rettar seg mot den målgruppa.
  3. Nivå 3: Gå til http://www.q-meieriene.no og trykk på «Produkter» øvst på sida. Til venstre kan du velje mellom ulike produktgrupper. Finn eit produkt du meiner rettar seg mot barn. Finn eit produkt du meiner rettar seg mot familiar. Finn eit produkt du meiner rettar seg mot treningsglade menneske. Forklar kva det er med produkta som gjer at de rettar seg mot dei ulike målgruppene.

Når alle gruppene er ferdige kan de oppsummere i klassen.