Til hovedinnhold

Finn reklamar for produkt

I denne oppgåva skal de finne ulike typar reklame for eit produkt.

Produsentar reklamerer ofte for produkta sine i ulike kanalar, det vil seie til dømes på tv, banner på busstoppet, annonsar og filmar på internett eller sponsing av bloggarar/kjendisar. De skal no finne reklame for Freia mjølkesjokolade i ulike kanalar.

Dette gjer de:

Del inn i grupper eller bruk grupper de alt har.

  1. Snakk saman på gruppa. Kan nokon hugse å ha sett reklame for Freia mjølkesjokolade?
  2. Leit etter reklamar for Freia mjølkesjokolade på YouTube, Facebook, (utan å logge inn) og nettsida til Freia, www.freia.no.
  3. Når alle har funne reklamane, kan de i fellesskap diskutere punkta under.
  4. Kvar har de funne reklamar?
  5. Kva la de først merke til i reklamane?
  6. Kva trur de reklamane prøvar å fortelje?
  7. Kven trur de er målgruppa(ene) for reklamane?

Om de har tid kan de leite fram reklamar til andre produkt også.