Til hovedinnhold

Finn verkemiddel i reklamar

I denne oppgåva skal klassen sjå ulike reklamefilmar og saman finne ut kven som er målgruppa og kva verkemiddel som er brukte.

Det finst mange ulike verkemiddel ein kan bruke i reklamar. Til dømes kan ein spele på kjensler som nostalgi, frykt, ansvar eller forelsking, ein kan bruke humor, sterke fargar som synest godt, ulike former for konkurransar, fengjande musikk, kjende personar og så vidare.

Dette gjer de:

Denne oppgåva kan heile klassen gjere saman. Dykk treng ein skjerm som alle kan sjå på. Deretter diskuterer de punkta under. 

Vis desse to reklamefilmane på Youtube:

 Nøkkelhullet

Norvegia

  1. Snakk om kven som er målgruppa for filmen.
  2. Kva verkemiddel finn de i dei ulike filmane?
  3. Kva meiner de er god og dårleg reklame?
  4. Ekstraoppgåve: Kom det ein eller fleire reklamefilm(ar) før de skulle sjå YouTube-filmane? Kva handla dei om, og kven tenker de var målgruppa?

Tips: De kan gjerne sjå reklamefilmane fleire gongar for å leggje betre merke til detaljar.