Til hovedinnhold

Forstå ingredienslista

I denne oppgåva skal du bli betre kjent med informasjonen du finn på emballasjen til ei matvare.

På pakninga til matvarene skal det stå ei ingrediensliste. Informasjonen er ikkje alltid så lett leseleg eller forståeleg. No skal du øve deg på å forstå det.

Dette gjer du:

Finn fram ei matvare med emballasje på skolekjøkenet eller kjøkenet heime. Det kan til dømes vere havregryn, kveitemjøl, knekkebrød eller noko anna. Skriv ned svar på spørsmåla under. 

  1. Kor mange ingrediensar har matvara i ingredienslista?
  2. Kvar på pakninga fann du ingredienslista?
  3. Forstår du alle ingrediensane i ingredienslista? Kva er det du eventuelt ikkje forstår?
  4. Ekstraoppgåve: Tenk litt på kvar ingredienslista stod på pakninga du fann fram. Var ho lett å finne, eller kunne ho vore plassert ein annan stad på pakninga?