Til hovedinnhold

Forstå næringsinnhaldet

I denne oppgåva skal du bli betre kjent med informasjonen du finn på emballasjen til matvarene.

På alle pakka matvarer skal det stå næringsinnhald. Informasjonen er ikkje alltid så lett leseleg eller forståeleg. No skal du øve deg på å forstå det.

Dette gjer du:

Finn fram ei matvare med emballasje på skolekjøkenet eller kjøkenet heime. Det kan til dømes vere havregryn, kveitemjøl, knekkebrød eller noko anna. Skriv ned svar på spørsmåla under. 

  1. Kva slags næringsstoff står det innhaldet til på matvara?
  2. Kvar på pakninga fann du næringsinnhaldet?
  3. Ekstraoppgåve: Tenk litt på kvar næringsinnhaldet stod på pakninga du fann fram. Var det lett å finne, eller kunne det vore plassert ein annan stad på pakninga?