Til hovedinnhold

Lag dykkar eigen reklame

I denne oppgåva skal de lage reklame for eit nytt produkt.

Tenk på det de har lært om reklame til no. Førestill dykk at de skal reklamere for ein heilt ny smoothie. Først må de lage han på kjøkenet. Kva skal han innehalde? Kva er spesielt med han? Og så må de marknadsføre han. Kva vil de gjere for å selje mest mogleg av han?

Dette gjer de:

Del dykk inn i grupper eller bruk grupper de allereie har.

  1. Læraren kjøper inn råvarer til smoothie, gjerne ulike frukter og grønsaker, juice og yoghurt.
  2. Alle gruppene lagar ein eigen smoothie de skal reklamere for. Bruk ulike råvarer og prøv å tenkje nytt!
  3. Avgjer kven som er målgruppa for smoothien, altså kven de ønskjer skal kjøpe han.
  4. Lag eit namn på smoothien.
  5. Finn minst to verkemiddel de vil bruke for å reklamere for han. Det kan vere til dømes slagord, fengjande musikk, kjensler, humor eller ein konkurranse.
  6. Teikn eit framlegg til ein bilet-annonse for smoothien, som skal vere enten på ein plakat eller på ei nettside.
  7. Samanlikn reklamen dykkar med den til dei andre og sjå kva verkemiddel som er tekne i bruk.