Produktinformasjon

Har du lagt merke til at det står mykje tekst på emballasjen til matvarer?

Informasjonen står der for at vi skal:

  • Vite kva maten inneheld av næringsstoff
  • Vite kva maten inneheld av ingrediensar
  • Kunne styre unna stoff vi er allergiske mot
  • Få meir informasjon om maten om vi er nysgjerrige

Forbrukarar

Vi er alle forbrukarar. Ein forbrukar er ein person som kjøper ei vare eller teneste han eller ho skal bruke sjølv. 

Det vil seie at du er ein forbrukar når du:

· Handlar mat til deg sjølv eller familien din på butikken

· Klipper håret hos frisøren

· Kjøper deg ei ny bukse

Næringsinnhald

På alle ferdigpakka matvarer skal det vere ei oversikt over næringsinnhaldet. Det står ofte i ein tabell slik som denne frå frokostblandingen Cheerios:

 

Næringsinnhaldet gjev oss informasjon om kva matvara inneheld av:

  • Energi
  • Feitt og metta feitt
  • Karbohydrat og sukkerartar
  • Protein
  • Salt

Bruk næringsinnhaldet om du vil vite meir om kva matvara er bygd opp av!

Ingrediensliste

Matvarene skal også ha ei ingrediensliste.

Der står det kva slags råvarer og ingrediensar matvara er laga av. Ingredienslista skal sorterast etter mengde, så den råvara det er mest av skal stå først.

Stoff ein kan vere allergiske mot skal uthevast i lista.

Bruk ingredienslista om du vil vite kva råvarer matvara består av, og om du har ein matallergi!

Merkeordningar

Bruk Nøkkelholet om du leitar etter sunnare alternativ på butikken og ikkje vil lese på emballasjen til alt du kjøper. 

Berre hugs forskjellen på produktinformasjon og merkeordningar, nemleg;

  • Produktinformasjon er obligatorisk, altså MÅ produsentane ha det med
  • Nøkkelholet og andre merkeordningar er frivillige

Allergi

Somme har matallergiar eller intoleransar, og kan føle ubehag eller bli dårlege om dei får i seg stoffet dei reagerer på. Nokre av dei vanlegaste matvarene å reagere på er:

  • Nøtter
  • Mjølk
  • Mjøl som inneheld gluten

Om ein trur at ein reagerer på noko kan ein undersøkje det hos legen.

«Spor av»

På somme matvarer står det «Kan innehalde spor av…. (til dømes nøtter)».

Det betyr at ei matvare kan innehalde litt av ein ingrediens som ikkje står på lista. Det kan skje om produsentane brukar same maskin til å lage fleire ulike produkt.

Om du har ein allergi er det nyttig informasjon!

Tilbake til Bevisste forbrukarar