Til hovedinnhold

Rekn ut næringsinnhald

I denne oppgåva skal du rekne ut næringsinnhaldet i ein porsjon med frukostblanding.

Du har lært at matvarer skal merkast med næringsinnhaldet, slik at vi forbrukarar kan vite kor mykje maten inneheld av ulike næringsstoff. Alle matvarer skal merkast med næringsinnhald per 100 gram. Nokre gongar skriv produsentane i tillegg næringsinnhaldet i det dei reknar som ein porsjon. Den mengda produsentane reknar som ein porsjon, kan vere noko anna enn kva du et som ein porsjon.

Du skal no ta utgangspunkt i dømet med Cheerios frukostblanding og rekne ut kor mykje det er av dei ulike næringsstoffa i 35 gram frukostblanding. Om du treng litt hjelp, finn du det under der det står "Tips".

Dette gjer du:

Bruk blyant og ark, her treng du ikkje noko datamaskin! Læraren kan skrive ut oppgåva på ark til alle elevane.

  1. I tabellen ser du tala for 100 gram. Bruk prosentrekning til å rekne ut kor mange kaloriar (kcal) det er i 35 gram. Skriv svaret du kjem fram til, i tabellen.
  2. Gjenta oppgåve 1 og 2 med tala for feitt, karbohydrat og protein. Skriv svara inn i tabellen.
  3. Ekstraoppgåve: Rekn ut innhald per 35 gram for metta feittsyrer, sukkerartar, kostfiber og salt.

Tips: Hugsar du ikkje prosentrekning? Her kjem ei forklaring der vi tek utgangspunkt i feitt: For å finne ut kor mykje feitt det er per 35 gram, må du først rekne ut kor mykje feitt det er per 1 gram. Det gjer du ved å dele 3,7 gram på 100.

Så gongar du med så mange gram du vil vite mengda i, altså 35. Då får du svaret på kor mange gram feitt, karbohydrat eller protein det er i 35 gram.