Reklame

Ein reklame er eit hjelpemiddel ofte brukt av produsentar, butikkar og andre for å få seld sine produkt eller tenester.

Reklame kan til dømes vere:

· Reklamefilm mellom program på tv

· Annonse på nettside

· Konkurranse på Facebook/Snapchat

· T-skjorte med logo

· Tilråding av eit produkt på ein blogg

Kjenneteikn

Typiske kjenneteikn på reklame kan vere:

  • Bruk av slagord
  • Korte setningar
  • Vender seg direkte til deg

Indirekte reklamar går via eit mellomledd. Det kan vere til dømes ei t-skjorte med logo eller når ein bloggar tilrår eit produkt han eller ho har fått betalt for å snakke om.

Lover og reglar

Marknadsføringslova seier kva ein skal ta omsyn til når ein lagar reklamar.

Til dømes er det ikkje lov å:

  • Lage reklamar med galne opplysningar
  • Tvinge nokon til å kjøpe noko

Forbrukarombodet passar på at lova blir følgd.

Påverknad

Det er mykje som påverkar oss når vi skal handle mat i butikken. Til dømes kan vi bli påverka av:

· Emballasjen til produkta

· Kvar produkta er plasserte i hylla

· Kva slags produkt butikkane sel

Emballasje

Emballasje er det som produktet er pakka inn i. Emballasjen kan påverke om vi vil kjøpe produktet eller ikkje. Til dømes vil:

Barn bli tiltrekte av fargar, teikneseriefigurar og emojis

Treningsglade menneske bli tiltrekte av mat som viser at han er sunn eller bra for trening. 

Hylleplassering

Kvar matvara er plassert i hylla kan avgjere om vi legg merke til henne eller ikkje.

Ofte er matvarer retta mot barn plasserte på dei nedste hyllene, og matvarer retta mot vaksne på hyllene lenger opp.

Sjå etter yoghurtar neste gong du er på butikken, og legg merke til korleis dei er plasserte i hyllene.

Vareutval

Butikkane kan i hovudsak velje kva slags varer dei ønskjer å selje.

Kor mykje som blir seld av eit produkt kan bestemme om det får bli i butikken eller ikkje.

Forbrukarar kan påverke ved å spørje etter produkt dei saknar.

Sosiale medium

Reklame i sosiale medium som Facebook, YouTube og Snapchat tilpassast brukaren. Det som kan avgjere kva slags reklamar vi ser er til dømes:

  • Kva slags nettsider vi besøkjer
  • Kva vi «likar» på Facebook
  • Kva slags filmar vi ser på YouTube

Reklamane er ofte i form av konkurransar, eller brukar humor som verkemiddel.

Reklame til barn

Det er strengare reglar for reklame retta mot barn. Det er ikkje lov å gje direkte oppmodingar til barn om å kjøpe noko.

Det finst retningslinjer på reklame av usunn mat og drikke til barn under 13 år. Til dømes er det ikkje lov med:

  • Konkurransar for godteri eller annan usunn mat
  • Store reklameplakatar som rettar seg mot barn
  • Godterireklamar på kino før filmar for barn

Matbransjens faglige utvalg (MFU) behandlar klagar, og alle kan klage inn!

Sjå meir på www.mfu.as.

Tilbake til Bevisste forbrukarar