Til hovedinnhold

Utforsk hylleplassering

I denne oppgåva skal du finne ut kva slags matvarer som rettar seg til ulike målgrupper, basert på kvar dei står i hylla.

Kvar matvara er plassert i butikken og på hylla kan vere med på å avgjere om vi kjøper henne eller ikkje. Matvarene plasserast der butikkane trur at dei treff målgruppene best.

Dette gjer du:

Bruk blyant og ark, her treng du inga datamaskin!

  1. Bli med ein vaksen i butikken/gå i ein butikk.
  2. Finn kjøleskapet med yoghurtar.
  3. Skriv ned kva som er forskjellane mellom yoghurtane på øvste/mellomste hylle og dei på nedste hylle.
  4. Skriv ned kven du trur er målgruppa for yoghurtane på nedste hylle.

Når alle har gjort oppgåva kan de snakke saman i klassen om  kva de har funne ut.