Til hovedinnhold

Finn energibalansen

Kompetansemål: forklare korleis maten verkar som energikjelde og byggjemateriale for kroppen.

Alt levande, både plantar, menneske og dyr, treng energi for å kunne vekse og gjere arbeid. Energi er kapasitet til å greie og gjere arbeid.

Sjå lysbilete til Energi

Menneske får energi frå næringsstoffa i mat og drikke vi får i oss. Når vi har ete mat, blir han til energi i kroppen. Energien gjer at vi greier å gjere ting som å hoppe, tenkje og halde oss varme. Vi er heilt avhengige av å få energi for å leve.

Vi treng ny energi gjennom mat og drikke kvar einaste dag. Kroppen brukar nemleg energi til alt vi gjer, til og med når vi ligg heilt stille. Er det dagar vi er ekstra aktive, treng kroppen ekstra mykje mat.

Energi i mat

Når vi snakkar om energi i mat, brukar vi ofte omgrepet kilokaloriar eller kaloriar. Kor mykje energi det er i maten vi et, er avhengig av kor mykje han inneheld av dei energigjevande næringsstoffa karbohydrat, feitt og protein. Protein og karbohydrat gjev like mange kaloriar per gram, medan feitt gjev litt fleire kaloriar per gram. Mat med mykje feitt har difor meir energi enn mat med mykje protein eller karbohydrat.

Hugs at det viktigaste ikkje er om ei matvare inneheld mykje eller lite kaloriar, men om ho inneheld mykje av dei gode stoffa som protein, umetta feitt, kostfiber, vitaminar og mineral.

Veit du kor mange kaloriar det er i ulike matvarer? Løys denne oppgåva og finn det ut!

Finn kaloriinnhald i mat

Type
Sjølvstendig oppgåve
Utstyr
Digitale verktøy

Rask og sein energi

Det er forskjell på kor raskt maten vi et, blir til energi i kroppen. Sukker og stivelse blir raskt omdanna til energi. Det gjeld til dømes matvarer som godteri, loff og kjeks. Kostfiber blir faktisk ikkje omdanna til energi i det heile teke, men held fram vidare ut av kroppen. Grovt brød og grønsaker er døme på matvarer med mykje kostfiber.

Den maten som raskt blir omgjort i kroppen, gjev oss raskt energi til å gjere ting. Men den energien varer ikkje så lenge. Maten som blir omgjort saktare i kroppen, gjev sein energi. At den er sein, vil seie at det tek lengre tid å få energi i kroppen, men samtidig varer han lenger.

Det betyr at når vi et mat med sein energi, orkar vi å hoppe, danse eller konsentrere oss lenger enn når vi et mat med rask energi. Difor er det lurt å ete grovt brød med kostfiber i staden for bolle med sukker og stivelse før du skal vere fysisk aktiv eller ha ein prøve på skolen.

No kan du ta kvissen om energi for å sjå kor mykje du har lært!

Kviss om energi

Type
Kviss
Utstyr
Digitale verktøy

Greier ein å kjenne forskjell på om det er mykje eller lite kaloriar i maten? Ta blindtesten av grønsaksdipp og finn det ut!

Blindtest av grønsaksdipp

Type
Gruppeoppgåve
Utstyr
Blyant og ark

Ete regelbunde

For at vi skal halde oppe energinivået gjennom heile dagen, bør vi ete jamleg. I tillegg til frukost, lunsj, middag og kvelds bør du ete eitt eller to mellommåltid (som kan vere til dømes ein yoghurt eller litt frukt og grønt). Då må du kjenne på kva som passar best for deg. Mange tykkjer det er vanskeleg å konsentrere seg og får mindre energi om det går lenge mellom kvar gong dei et. Difor kan det vere lurt å ha ein god måltidsrytme der du et noko kvar tredje til fjerde time.

I Danmark kallar dei lunsj for frokost! Det vi kallar frukost, heiter morgenmat hjå danskane.

I dei aller fleste land i verda et ein frukost. Kva ein et til frukost, kan vere veldig ulikt. I den neste oppgåva kan du lære meir om kva dei et i andre land!

Lær om frukost i ulike land

Type
Gruppeoppgåve
Utstyr
Digitale verktøy

Kva kroppen består av

Veit du kva det er aller mest av i kroppen vår? Vatn! Kroppen vår består i hovudsak av vatn, protein og feitt. Faktisk består heile 75 % av kroppen din av vatn. Det er også litt karbohydrat og salt i kroppen.

Protein finst i musklane våre, medan feittet finst på ulike stader i kroppen. Karbohydrata vi et, blir anten til energi med ein gong eller blir lagra som feitt i kroppen. Det er difor kroppen vår ikkje består av så mykje karbohydrat.

No har du lært om måltidsrytme og kva kroppen består av. Ta kvissen og sjå kor mykje du hugsar!

Kviss om måltidsrytme

Type
Kviss
Utstyr
Digitale verktøy

Rørsle og aktivitet

Når vi spring, hoppar eller til og med berre ligg på sofaen, brukar kroppen vår energi. Aktivitetar som er slitsame, kostar meir energi enn aktivitetar som ikkje er så slitsame. Det vil seie at du brukar meir energi når du spring enn når du ligg på sofaen.

Kor mykje energi ein brukar på ulike aktivitetar, kan variere frå person til person, og om du er gut eller jente. Til dømes brukar gutar til vanleg meir energi enn jenter sjølv om dei gjer same aktivitet. Det er fordi gutar har meir muskelmasse i kroppen enn jenter, og musklane brukar mykje energi. Høgde og vekt spelar også ei rolle for kor mykje energi ein brukar.

Det kjem også an på kor vant du er til å gjere ein aktivitet. Ein som ofte hoppar tau, vil bruke mindre energi når han eller ho hoppar, enn ein som sjeldan hoppar tau.

Du bør vere i fysisk aktivitet i minimum 60 minutt per dag. Fysisk aktivitet styrkar kroppen din, og du får brukt energi.

Kva aktivitetar trur du ein brukar mest energi på? Det kan du lære meir om i sorteringsoppgåva!

Sortere etter energiforbruk

Type
Sortering
Utstyr
Digitale verktøy

Appetitt

Appetitt er det same som matlyst. Vi har appetitt for å sikre at vi får i oss nok mat. Vi kjenner ofte appetitt når vi er svoltne. Vi kan også kjenne sterk appetitt sjølv om vi ikkje er svoltne. Til dømes når vi ser mat som vi likar, eller kjenner god matlukt, eller nokre gongar berre av å tenkje på mat. Det kan også skje sjølv om vi akkurat har ete og eigentleg er mette.

Om vi er veldig spente over noko, kan det hende vi ikkje kjenner nokon appetitt i det heile teke, sjølv om vi eigenleg er svoltne. Det same kan skje om du er sjuk. Kroppen greier heilt fint nokre dagar med mindre mat, men om ein har dårleg matlyst over lang tid, kan det bli vanskeleg å få i seg alle næringsstoffa kroppen treng.

No kan du ta kvissen for å sjå kor mykje du har lært!

Kviss om rørsle og appetitt

Type
Kviss
Utstyr
Digitale verktøy

Tilbake til startsida