Til hovedinnhold

Blindtest av grønsaksdipp

I denne oppgåva skal de smake på grønsaksdipp som er laga av ulike meieriprodukt med ulikt energiinnhald. 

Produkta de skal smake på, er:

  • seterrømme med 35 % feitt
  • lettrømme med 18–20 % feitt
  • matyoghurt med 8 % feitt
  • mager Kesam med 1 % feitt

Greier de å kjenne kva slags dipp som inneheld mest feitt?

Dette gjer de:

Samarbeid: Dette er ein oppgåve du må løyse saman med andre. Skriv på papir. Du treng ikkje datamaskin. 

  1. Kjøp inn seterrømme, lettrømme, matyoghurt og mager Kesam, samt fire dippmiksar (til dømes Holiday Dip Mix) og litt ulike grønsaker.
  2. Ha dei ulike produkta i fire ulike skåler og bland dippmiks i alle fire skålene. Skålene merkast med nummer, og berre læraren veit kva slags produkt som er i kva skål.
  3. Skjer grønsakene i bitar eller stenger.
  4. Alle smakar på dei fire ulike dippane og rangerer dei etter kva feittinnhald dei trur er riktig.
  5. Gå gjennom oppgåva i plenum og sjå kor mange som hadde alle fire riktig.

Merk: Elevar som har laktoseintoleranse, kan vere med på testen, men bør ete små mengder. Eventuelt kan de kjøpe produkt som finst utan laktose (laktosefri rømme og yoghurt naturell).