Til hovedinnhold

Finn kaloriinnhald i mat

No veit du at energi i mat blir kalla kaloriar, og at det kan vere ulike mengder kaloriar i ulike matvarer. Men veit du kor mykje kaloriar ulike matvarer inneheld? 

Finn deg ei datamaskin, ein smarttelefon eller eit nettbrett og gå til Matvaretabellen. Her kan du søkje opp ulike matvarer.

Dette gjer du:

Søk på følgjande matvarer og skriv opp kor mange kaloriar (forkorta kcal) dei inneheld.

  • kokt gulrot
  • havregryn
  • fiskekaker
  • kyllingbrystfilet
  • mjølkesjokolade
  • seigmenn
  • rå pære

Fleire av matvarene inneheld i tillegg andre stoff som er nyttige for kroppen. Finn ut kva for ei av matvarene som inneheld mest:

  • fiber
  • vatn
  • protein
  • feitt