Til hovedinnhold

Forstå korleis kroppen set bitane saman

Kompetansemål: forklare korleis maten verkar som energikjelde og byggjemateriale for kroppen.

Visste du at du er laga av same stoff som maten vi et? Alt levande består av stoff som vi kallar for karbohydrat, feitt og protein. Maten du finn i butikken, består også av desse stoffa. I maten kallar vi dei for energigjevande næringsstoff – det kroppen må ha for å gje deg energi.

Sjå lysbilete til Næringsstoffa

Dei tre energigjevande næringsstoffa har ulike oppgåver i kroppen, og ulik mat har litt ulik mengde av dei tre stoffa. Det betyr at du må vite kva du et for at kroppen din skal få akkurat det han treng.

Kan du alt mykje om næringsstoffa? Då kan du ta kvissen no!

Kviss om næringsstoffa

Type
Kviss
Utstyr
Digitale verktøy

Karbohydrat

Den viktigaste oppgåva til karbohydrata i kroppen er å gje deg energi. Du treng energi for å kunne springe, hoppe, sykle, lære og mykje anna. Om du ikkje et karbohydrat, kan du føle deg sliten fordi både musklane og hjernen treng karbohydrat. Karbohydrat kjem frå plantar, og det gjer at det er mykje av det i kornvarer som brød og pasta, frukt og grønsaker.

Det finst tre ulike typar karbohydrat: kostfiber (ofte berre kalla fiber), stivelse og sukker.

Kostfiber

Sjølv om kostfiber høyrer til i gruppa karbohydrat, gjev ikkje kostfiber oss noko energi. Det er fordi det ikkje blir teke opp i cellene, men går gjennom tarmen og ut av kroppen igjen. Kostfiber er bra for fordøyinga fordi det hjelper maten gjennom tarmen. I tillegg gjer kostfiber at vi føler oss mette, fordi det gjev tarmen noko å jobbe med. Vi treng mykje kostfiber, så vi bør difor ete grove kornprodukt som grovbrød, grove knekkebrød, fullkornpasta og grønsaker.

No kan du lære om kva slags matvarer som inneheld mest og minst kostfiber. Prøv sorteringsoppgåva! 

Sortere etter fiberinnhald

Type
Sortering
Utstyr
Digitale verktøy

Stivelse

Stivelse finn vi mellom anna i kornprodukt og poteter. Stivelse gjev oss energi og er nyttig å få i seg. Matvarer med stivelse inneheld også viktige vitaminar og mineral.

Sukker

Sukker gjev også energi. Sukker finn vi naturleg i mellom anna frukt, grønsaker og mjølk. I annan mat som til dømes godteri, kjeks og kaker, er sukker tilsett for å gje ekstra søt smak. Matvarer med mykje tilsett sukker er greitt av og til, men ikkje kvar dag, fordi dei inneheld ofte ikkje så mykje anna nyttig for kroppen.

Veit du kor mykje sukker det er i ulike drikkar? Test deg sjølv i sorteringsoppgåva!

Sortere etter sukkerinnhald

Type
Sortering
Utstyr
Digitale verktøy

Ta kvissen om karbohydrat for å sjå kor mykje du har lært!

Kviss om karbohydrat

Type
Kviss
Utstyr
Digitale verktøy

Feitt

Feitt har fleire oppgåver i kroppen. Det gjev oss energi, til liks med karbohydrat og protein. Det vernar også kroppen din om du fell og slår deg, fordi det isolerer organ som nyrer, lever og tarm. Feitt hjelper deg også med å halde varmen. Du finn feitt i matvarer frå både plantar og dyr. Det er til dømes mykje feitt i fisk som laks og makrell, og i avokado, smør og olje.

Metta og umetta feitt

Det finst to typar feitt. Vi kallar dei for metta og umetta feitt, og kroppen vår treng begge to. Metta feitt finst hovudsakleg i mat frå dyr, som kjøt, mjølk og smør. Sjølv om vi treng metta feitt, bør vi passe på at vi ikkje et for mykje av det.

Umetta feitt finst i både plantar og dyr, som til dømes fisk, avokado, nøtter og olje. Umetta feitt er bra for kroppen vår – særleg hjernen. Difor bør vi ete mat med umetta feitt.

Ta kvissen om feitt for å sjå kor mykje du har lært!

Kviss om feitt

Type
Kviss
Utstyr
Digitale verktøy

Veit du kva slags matvarer som inneheld mest umetta feitt? Det kan du teste deg sjølv på i denne sorteringsoppgåva!

Ny

Sortere etter umetta feitt

Type
Sortering
Utstyr
Digitale verktøy

Mjølk inneheld feitt. Men det er ulikt feittinnhald i dei ulike mjølketypane. Ta blindtesten saman med klassen og sjå om du greier å smake forskjell.

Blindtest av mjølk

Type
Gruppeoppgåve
Utstyr
Blyant og ark

Protein

Protein blir ofte kalla byggjesteinane til kroppen. Du treng protein for å vekse og byggje musklar. Protein er også med på å transportere oksygen og næringsstoff rundt i kroppen. Matvarer frå dyr er særleg rike på protein, som til dømes kjøt, kylling, egg og mjølk. Det finst også i nokre matvarer som kjem frå plantar, som bøner, linser og grønsaker. I kroppen har vi mest protein i musklane, men det er også protein i huda, blodet, hjernen og håret.

Ta kvissen om protein og sjå kor mykje du har lært!

Kviss om protein

Type
Kviss
Utstyr
Digitale verktøy

No kan du bli endå betre kjent med dei tre næringsstoffa! Gå saman i grupper eller gjer oppgåva i klassen.

Lær om næringsstoffa

Type
Gruppeoppgåve
Utstyr
Digitale verktøy

Vitamin og mineral

No har du lært at kroppen din treng variert mat for å få i seg energi og byggjesteinar. Men det er endå ein grunn til å ete variert mat. I maten er det også nokre stoff vi kallar for vitamin og mineral. Desse stoffa gjev deg ikkje energi, men dei har veldig viktige oppgåver i kroppen når det gjeld alle dei ulike funksjonane kroppen din skal utføre i løpet av ein dag. Det finst mange ulike vitamin og mineral.

Du har sikkert høyrd om jarn? Det finst særleg i kjøt, grøne bladgrønsaker som spinat, og grove kornprodukt. Jarn er eit heilt livsnødvendig mineral for oss fordi det hjelper cellene i kroppen med å få oksygen.

Har du høyrd om A-vitamin? Det er mykje A-vitamin i gulrøter og fisk som laks og makrell. A-vitamin er bra for synet vårt, og det hjelper til med å halde oss friske ved å ha ei viktig rolle i immunsystemet.

Et variert mat

Sidan karbohydrat, feitt, protein, vitamin og mineral har ulike oppgåver i kroppen, må du passe på at du et litt av alle. Du bør difor velje variert mat både til frukost, lunsj og middag kvar dag.

Lurar du på om du et variert? Sjekk kva næringsstoff du fekk i deg til lunsj i dag!

Kva inneheld matpakka?

Type
Sjølvstendig oppgåve
Utstyr
Blyant og ark

Ulike smakar

Smakssansen gjer at vi greier å skilje mellom smakane i maten vi et. Det er smakslaukar i munnen som registrerer smakane, der dei fleste sit på tunga. Vi har fem ulike grunnsmakar: salt, søtt, bittert, surt og umami. Dei fleste likar smaken av salt, søtt og umami første gongen dei prøvar det, medan det kan ta tid å venne seg til å like mat som smakar bittert eller surt.

Umami er japansk og betyr «god smak».

For å kunne ete variert slik det er tilrådd, må vi oppdage, kjenne til og lære å like ulike smakar. Maten smakar så ulikt nettopp fordi vi skal få brukt alle smakslaukane våre, og dette er med på å sikre oss eit variert kosthald.

Noko mat har for mykje saltsmak, og noko mat smakar for søtt. Dette gjer at dei andre smakslaukane ikkje får sleppe til så vi kjenner fleire smakar. Då blir vi også vande med at maten smakar veldig salt eller søtt, sjølv om det ikkje alltid er naudsynt.

Sjølv om vi ofte tykkjer at søtt smakar veldig godt, treng vi mindre av mat som godteri, kjeks og kaker. Det kan ein kose seg med på laurdagar, i bursdagar eller andre spesielle høve. Då smakar det gjerne ekstra godt.

Andre gongar må vi ete mat vi ikkje likar så godt, fordi kroppen vår treng det. Du må faktisk smake ei matvare opptil 10-20 gongar før du venner deg til smaken, så ikkje gje opp sjølv om du ikkje likar det så godt første gongen du smakar. Små barn kan like maten frå første gong dei smakar, men di eldre ein blir, desto fleire gongar må ein ete for å venne seg til det.

Ta kvissen om smakssans for å sjå kor mykje du har lært.

Kviss om smakssansen

Type
Kviss
Utstyr
Digitale verktøy

Har du døme på matvarer med dei ulike grunnsmakane? Ta oppgåva om smakssansen!

Kjenn igjen smakane

Type
Sjølvstendig oppgåve
Utstyr
Blyant og ark

Når ein har lært mykje nytt kan det vere nyttig å repetere for å hugse alt saman betre. Det skal de gjere saman i den neste oppgåva.

Ny

Samanfatt kroppens puslespel

Type
Gruppeoppgåve
Utstyr
Digitale verktøy

Tilbake til startsida