Til hovedinnhold

Blindtest av mjølk

I denne oppgåva skal du sjå om du greier å smake forskjell på mjølka. 

I Noreg har vi desse variantane av mjølk å velje mellom:

– Heilmjølk: 3,5–3,9 % feitt

– Lettmjølk: 1–1,2 % feitt

– Lettmjølk: 0,5–0,7 % feitt

– Skumma mjølk: 0,1 % feitt

Heilmjølk har naturleg feittinnhald, det vil seie det feittinnhaldet mjølka har når ho kjem frå kua. I dei andre mjølkevariantane er feittet først skild ut som fløyte, og så igjen tilsett til mjølka slik at ho anten blir lettmjølk, ekstra lettmjølk eller skumma mjølk.

Dette gjer de:

Samarbeid: Dette er ein oppgåve du må løyse saman med andre. Skriv på papir. Du treng ikkje datamaskin. 

  1. Kjøp inn heilmjølk, lettmjølk, ekstra lettmjølk og skumma mjølk.
  2. Ha mjølka i fire ulike mugger. Merk så muggene med nummer slik at læraren veit kva mjølk som er i kva mugge.
  3. Finn fram noko å notere på.
  4. Smak på mjølka frå dei fire muggene, og prøv å gjette kva som er riktig.
  5. Beskriv kva som er ulikt med dei ulike mjølketypane.

Merk: Elevar som har laktoseintoleranse eller mjølkeallergi, kan ikkje delta i denne testen.