Til hovedinnhold

Lær om næringsstoffa

I denne oppgåva skal de lære meir om dei ulike næringsstoffa. 

Vi har tre energigjevande næringsstoff: karbohydrat, feitt og protein.

No skal de bli betre kjende med eitt av næringsstoffa.

Les meir på Helsenorge.no

Dette gjer de:

Samarbeid: Dette er ein oppgåve du må løyse saman med andre. Her treng du datamaskin, nettbrett eller mobil.

  1. Gå saman i tre grupper (eller bruk dei gruppene de alt har).
  2. Vel eitt næringsstoff: karbohydrat, feitt eller protein.
  3. Finn ut kva oppgåver næringsstoffet har i kroppen.
  4. Finn nokre matvarer som inneheld næringsstoffet.
  5. Finn ein matrett der det valde næringsstoffet spelar ei viktig rolle.

Når de er ferdige kan de presentere næringsstoffet dykkar for resten av klassen.