Kroppens puslespel

Kroppen vår er laga av dei same stoffa som maten vi et:

  • karbohydrat
  • feitt
  • protein

Desse stoffa kallast energigjevande næringsstoff, og har ulike oppgåver i kroppen. Det betyr at kroppen treng alle desse stoffa kvar dag for å kunne gjere alle oppgåvene.

Karbohydrat

Det viktigaste karbohydrata gjer er å gje deg energi.

Kroppen og hjernen vår treng energi til alt vi gjer, til og med når vi ligg stille.

Når vi skal vere mykje i aktivitet, treng vi ekstra mykje energi.

Om du ikkje får nok karbohydrat kan du føle deg sliten.

Vi finn mest karbohydrat i mat frå planteriket, som til dømes:

  • brød
  • pasta
  • frukt
  • grønsaker
  • ris

Kostfiber og stivelse

Det finst tre ulike typar karbohydrat; kostfiber, stivelse og sukker. 

Kostfiber får vi i grove kornprodukt, grønsaker og frukt. Kostfiber blir ikkje brukt som energi, men er bra for fordøyinga vår og gjer oss mette.

Stivelse finst i kornprodukt og potetar, og gjev oss energi.

Sukker

Sukker finst naturleg i frukt, grønsaker og mjølk, men blir også tilsett i til dømes kaker og godteri for å gje ein ekstra søt smak.

Matvarer med mykje tilsett sukker er greitt av og til, men inneheld ikkje så mykje nyttige næringsstoff for kroppen.

Feitt

Feitt har fleire oppgåver i kroppen:

  • gje oss energi
  • beskytte oss om vi fell ved å isolere viktige organ
  • hjelpe oss med å halde varmen

Metta feitt

Det finst to typar feitt, metta og umetta.

Metta feitt finst i mat frå dyr, som til dømes:

  • kjøt
  • mjølk
  • smør

Det er viktig at vi et metta feitt, men ikkje i for store mengder.

Umetta feitt

Umetta feitt finst i både plantar og dyr, som til dømes:

  • fisk
  • avokado
  • nøtter
  • olje

Umetta feitt er veldig bra for kropp og hjerne, så difor bør vi ete meir mat med umetta feitt.

Protein

Protein er byggjesteinane til kroppen, og gjer at vi veks og får meir musklar.

Protein hjelper også til med å transportere oksygen og næringsstoff rundt i kroppen.

I kroppen har vi mest protein i musklane våre.

Vi finn mykje protein i mat frå dyr, men også noko i mat frå planteriket.

Til dømes:

  • kjøt
  • kylling
  • egg
  • mjølk
  • bøner
  • linser

Andre stoff

I maten vår finst det stoff vi kallar vitamin og mineral. Desse stoffa gjev ikkje energi, men har viktige oppgåver i kroppen vår som blant anna:

  • å halde oss friske
  • styrke tennene 
  • styrke skjelettet
  • frakte andre stoff rundt i kroppen

I frukt og grønsaker er det masse vitamin og mineral.

Et litt av alt

Sidan karbohydrat, feitt, protein, vitaminar og mineral har ulike oppgåver i kroppen må vi ete litt av alle.

Difor bør du ete ulik mat til frukost lunsj og middag kvar dag.

Smakssans

Smakssansen gjer at vi kan skilje mellom smakane i maten vi et.

Vi har fem grunnsmakar:

  • salt
  • søtt
  • bittert
  • surt
  • umami

Mat som smakar veldig salt eller søtt gjer at vi kjenner mindre av dei andre smakane.

Vi må smake på ei matvare opptil 10-20 gongar før vi venner oss til smaken.

Tilbake til Kroppens puslespel