Til hovedinnhold

Ta vare på kroppen din

Kompetansemål: samtale om råda for eit sunt kosthald frå helsestyresmaktene, og gje døme på samanhengen mellom kosthald, helse og livsstil.

Ver snill mot kroppen. Det er den einaste du har, og det er fint å vere den beste utgåva av seg sjølv. Ein kropp som får skikkeleg stell, blir ei slik besteutgåve.

Sjå lysbilete til Lev vel

Kroppen vår kan samanliknast med ei komplisert maskin. Alt må fungere for at maskina skal gå. Då må du passe på å gje kroppen den maten han treng, slik at han får i seg alle næringsstoffa han behøver for å fungere godt.

Samtidig må vi vere fysisk aktive så kroppen får brukt alle musklane. Kroppen er skapt til rørsle, og det er du som bestemmer kor mykje du skal bevege han. Du må også la kroppen kvile. Det gjer han om natta når du søv, så du må syte for god søvn som varar lenge nok. Ni til ti timars søvn er passe for 10-11-åringar. Tenk over kva tid du legg deg. Kor mange timar søvn får du før du står opp neste morgon? Kjenner du deg utkvilt når du vaknar?

Kva er kostråda?

Kroppen treng ulike typar mat for å gjere alle dei ulike oppgåvene. Og då lurar du kanskje på kva ein eigentleg bør ete? Forskarar over heile verda gjer undersøkingar for å finne ut av kva slags mat som er best for kroppen. Styresmaktene i Noreg les om det forskarane har funne ut, slik at dei kan gje råd om kva du bør ete.

Kan du alt mykje om kostråda? Ta kvissen og test deg sjølv!

Kviss om kostråda

Type
Kviss
Utstyr
Digitale verktøy

Til saman er det tolv kostråd. Det aller første rådet seier at ein bør ete variert og få i seg mykje grønsaker, frukt, bær, grove kornprodukt og fisk, og passe på at ein ikkje et for mykje tilverka kjøt, raudt kjøt, salt og sukker. Veit du kva tilverka kjøt er? Det er kjøt som ein har gjort noko med før det blir selt i butikkane, som å tilsetje meir feitt og salt. Døme på tilverka kjøt er kjøtdeig og pølser.

For å følgje det første kostrådet må ein ete variert, altså mykje forskjellig mat frå alle delar av kostsirkelen. Dette er kanskje det viktigaste rådet. Når ein et mykje forskjellig mat, får ein i seg mange ulike næringsstoff, akkurat slik kroppen ønskjer.

Det er ikkje alltid så lett å vite kva slags matvarer som inneheld mykje og lite salt. Det kan du teste deg på i denne sorteringsoppgåva!

Ny

Sortere etter saltinnhald

Type
Sortering
Utstyr
Digitale verktøy

Råd 3-11 seier meir om kva slags spesielle matvarer vi burde ete, og kor ofte vi burde ete dei. Til dømes seier eitt råd at vi bør ete minst fem porsjonar grønsaker, frukt og bær kvar dag. Eit anna råd seier at vi bør velje vatn som tørstedrikk.

No som de har lært litt om kostråda, kan de fordjupe dykk og lære endå meir. Gjer den neste oppgåva!

Bli kjent med kostråda

Type
Gruppeoppgåve
Utstyr
Digitale verktøy

For berre 30–40 år sidan åt ein ganske annleis enn vi gjer no. Lurar du på kva som var ulikt? Gjer eit intervju og finn det ut!

Intervjue om kosthaldet før i tida

Type
Sjølvstendig oppgåve
Utstyr
Blyant og ark

Energibalanse

Eitt av kostråda handlar faktisk ikkje om mat. Det seier at barn skal vere fysisk aktive i minst 60 minutt kvar dag. Men kvifor er det med eit råd om aktivitet i råda om kosthald? Det er fordi du må ha ein god balanse mellom kor mykje energi du får i deg gjennom mat og drikke, og kor mykje du brukar gjennom aktivitet. Dette står i det andre kostrådet.

Kor mykje du treng å ete, handlar altså om kor mykje du beveger deg. Når du hoppar, spring, dansar eller rører på deg på andre måtar, brukar du energi. Energien kjem frå maten du et. Når du rører mykje på deg, treng du meir energi enn når du sit mykje stille. Skal du trene mykje, delta i konkurranse eller liknande, må du altså få i deg meir energi, men det er også viktig å hugse på at energien bør kome frå sunn mat, ikkje frå brus og godteri.

Eit variert kosthald og energibalanse er to uttrykk det kan vere vanskeleg å forstå. Dette kan de snakke meir om i den neste oppgåva!

Snakk om kostråda

Type
Gruppeoppgåve
Utstyr
Blyant og ark

Aktivitet

Kroppen har eit stort behov for å røre på seg. Det kjennast godt å vere i rørsle. Når du er fysisk aktiv, til dømes spring, hoppar eller går, belastar du skjelettet ditt. Då blir det sterkare slik at det toler meir. Du kan også få sterkare immunforsvar, så du ikkje blir sjuk så ofte. Mange sit mykje stille fordi dei tykkjer det er gøy å spele dataspel, sjå på tv eller lese bøker. Det er ikkje noko gale i å gjere det innimellom, men kroppen din blir veldig glad om du beveger deg litt kvar dag og brukar musklane dine. Nokre gongar er du kanskje på trening i fotball, handball, friidrett, symjing eller turn. Andre gongar går eller syklar du til skolen, leikar med vener eller skatar. Same kva du gjer, blir kroppen glad for at du beveger på han. Kva slags aktivitetar likar du best å gjere?

Ta kvissen om energibalanse og aktivitet for å sjå kor mykje du har lært!

Kviss om balanse og aktivitet

Type
Kviss
Utstyr
Digitale verktøy

Trivsel rundt måltidet

Når ein skal kose seg, til dømes i helga, når ein feirar bursdag eller ved høgtider, lagar ein ofte litt ekstra hyggelege rammer rundt måltidet. Ein dekkjer kanskje bordet litt finare enn vanleg, tenner stearinlys og set på koseleg musikk. Då tykkjer ein gjerne at maten smakar endå betre, og har det veldig hyggeleg saman. Det handlar om trivsel.

Det er hyggeleg å ete saman med nokon. Sjølv om det ikkje er noko spesielt høve, går det an å skape litt ekstra hyggelege rammer rundt måltidet på ein heilt vanleg kvardag også. Kanskje kan du før middag i dag spørje foreldra dine om de kan tenne nokre stearinlys eller setje på fin musikk i bakgrunnen? Du kan også hjelpe til med å dekkje bordet ekstra fint. Det er også viktig at ein har nok tid til å ete, både heime og på skolen. Ta deg god tid, snakk om noko hyggeleg saman og nyt maten.

Når ein skal arrangere ein middag for andre er det mykje som må planleggjast og ordnast. I denne oppgåva skal de lære meir om det.

Ny

Lag eit festmåltid

Type
Gruppeoppgåve
Utstyr
Blyant og ark

Maten vi et, bør aller helst vere både god og sunn. I den neste oppgåva skal de lære meir om korleis de kan gjere ei oppskrift sunnare med enkle grep!

Lage sunnare pannekaker

Type
Gruppeoppgåve
Utstyr
Blyant og ark

Tilbake til startsida