Til hovedinnhold

Bli kjent med kostråda

I denne oppgåva skal de undersøkje eitt kostråd ekstra nøye.

Dei norske kostråda gjev oss mange tips om kva vi burde ete kvar dag. Vi har tolv ulike råd:

  1. Ha eit variert kosthald med mykje grønsaker, frukt og bær, grove kornprodukt og fisk, og avgrensa mengder tilverka kjøt, raudt kjøt, salt og sukker.
  2. Ha ein god balanse mellom kor mykje energi du får i deg gjennom mat og drikke, og kor mykje du forbrukar gjennom aktivitet.
  3. Et minst fem porsjonar grønsaker, frukt og bær kvar dag.
  4. Et grove kornprodukt kvar dag.
  5. Et fisk til middag to til tre gongar i veka. Bruk også gjerne fisk som pålegg.
  6. Vel magert kjøt og magre kjøtprodukt. Avgrens mengda tilverka kjøt og raudt kjøt.
  7. La magre meieriprodukt vere ein del av det daglege kosthaldet.
  8. Vel matoljer, flytande margarin og mjuk margarin, framføre hard margarin og smør.
  9. Vel matvarer med lite salt, og avgrens bruken av salt i matlaging og på maten.
  10. Unngå mat og drikke med mykje sukker til kvardags.
  11. Vel vatn som tørstedrikk.
  12. Ver fysisk aktiv i minst 30 minutt kvar dag.

Meir informasjon om kostråda finnast på Helsenorge sine nettsider.

Dette gjer de:

Samarbeid: Dette er ein oppgåve du må løyse saman med andre. Her treng du datamaskin, nettbrett eller mobil.

  1. Gå saman to og to.
  2. Vel eitt kostråd de vil sjå nærmare på.
  3. Skriv ned svar på alle spørsmåla:
  4. Kva seier rådet?
  5. Kva matvarer handlar rådet om?
  6. Gje døme på kva ein kan gjere på skolen for å følgje rådet.
  7. Gje døme på kva ein kan gjere heime for å følgje rådet.

Tips: Forklar for resten av klassen kva de har kome fram til.