Til hovedinnhold

Intervjue om kosthaldet før i tida

I denne oppgåva skal du finne og intervjue nokre vaksne for å finne ut kva dei åt då dei var på din alder.

Dei aller første kostråda frå styresmaktene i Noreg kom i 1954. Då handla det mest om å passe på at folk fekk i seg nok mat. I dag er det meir fokus på korleis ein kan holde seg frisk ved å ete sunt.

I dag har vi eit stort utval i butikken, det finst mange ulike typar mjølk, ost, pizza og sjokoladar å velje mellom. Slik var det ikkje før. Mange av matvarene i butikken, som frukt og grønsaker, har reist ein lang veg for å kome hit.

Kanskje budde den du intervjuar i eit anna land då han/ho var på din alder? Åt dei det same der som du et no, eller hadde dei heilt andre matvanar?

Dette gjer du:

Finn ein person som er minst 30 år eldre enn deg, som du kan intervjue. Det kan vere mor eller far, bestemor eller bestefar, ein onkel, nabo, lærar eller annan person. Ta med deg noko å notere på så du kan skrive ned svara.

  1. Vart det gjeve nokre råd om kva ein burde ete då du var like gamal som meg?
  2. Kor ofte åt du fisk til middag?
  3. Kva slags fisk åt du?
  4. Kor ofte åt du frukt og grønsaker?
  5. Kva slags frukt og grønsaker åt du?
  6. Kor ofte åt du godteri?
  7. Kva slags godteri åt du?
  8. Kor ofte drakk du brus?
  9. Måtte du ta kosttilskot som tran, Sana-sol eller liknande?

Etter intervjuet skriv du ei halv side om forskjellane mellom kosthaldet ditt og kosthaldet til den du intervjua.