Til hovedinnhold

Lage sunnare pannekaker

I denne oppgåva skal de få prøve å gjere ei pannekakeoppskrift sunnare.

Mange oppskrifter kan gjerast sunnare med små grep. Det kan til dømes bety at ein har i mindre sukker, eller at ein har grovt mjøl i staden for fint.

Ta utgangspunkt i denne oppskrifta:

Til ca. 12 pannekaker

3 ss smelta smør til røra

3 egg

2 ss sukker

6 dl heilmjølk

3 dl kveitemjøl

3 ss smør til steiking

Framgangsmåte: Smelt smøret. Bland saman egg og sukker i ein bolle. Tilsett halvparten av mjølka. Ha i mjøl og rør til ei jamn røre. Rør inn resten av mjølka og smelta smør.

Dette gjer de:

Samarbeid: Dette er ein oppgåve de løyser saman.

  1. Først går de gjennom alle ingrediensane i oppskrifta i fellesskap i klassen.
  2. Snakk om kva ingrediensen er og kva han inneheld av næringsstoff (karbohydrat, protein og feitt).
  3. Deretter jobbar de vidare i gruppa. Sjå på kva ingrediensar som kan erstatte andre i oppskrifta slik at ho blir sunnare. Nokre ingrediensar kan de kanskje ta mindre av også. Skriv ned endringane de føreslår!
  4. Gå gjennom forslaga til endringar i fellesskap. Gruppa som har greidd å gjere flest gode endringar, vinn, og alle følgjer den oppskrifta til å lage pannekaker.

Tips: Framlegg til andre avslutningar:

  1. Gruppene lagar pannekaker av sine oppskrifter. Alle smakar på alle gruppene sine pannekaker og gjev karakterar til kven som smakte best, og kven som har den sunnaste oppskrifta.
  2. Gruppa som vinn, kan få som premie at dei får kome på «restaurantbesøk» arrangert av dei andre gruppene. Dei andre gruppene lagar då maten, dekkjer bord og serverer maten til vinnarane.