Til hovedinnhold

Snakk om kostråda

I denne oppgåva skal de diskutere i klassen kva nokre av kostråda betyr.

Dei norske kostråda gjev oss mange tips om kva vi burde ete kvar dag. Vi har tolv ulike råd.

Dei to første kostråda seier:

  1. Ha eit variert kosthald med mykje grønsaker, frukt og bær, grove kornprodukt og fisk, og avgrensa mengder tilverka kjøt, raudt kjøt, salt og sukker.
  2. Ha ein god balanse mellom kor mykje energi du får i deg gjennom mat og drikke, og kor mykje du forbrukar gjennom aktivitet.

Sjå gjerne Helsenorge sine nettsider for meir informasjon.

Dette gjer de:

Samarbeid: Dette er ein oppgåve de løyser saman.

  1. Diskuter i klassen:
  2. Kva betyr desse to kostråda?
  3. Korleis kan ein oppfylle dei?

Tips: Bruk gjerne desse spørsmåla for å finne svara:

  • Kva betyr det å ete variert?
  • Kva er grove kornprodukt?
  • Kva er tilverka kjøt?
  • Kva er raudt kjøt?
  • Kva matvarer har mykje salt?
  • Kva matvarer har mykje sukker?
  • Korleis kan du finne ut om eit produkt inneheld mykje salt eller sukker?
  • Kva vil det seie å vere i energibalanse?