Til hovedinnhold

Bli kjend med matvaregruppene

Kompetansemål: Lage trygg og ernæringsmessig god mat, og forklare kva slags plass dei ulike matvaregruppene har i kosthaldet.

Har du nokon gong vore med foreldra dine på butikken og handla mat? Då har du kanskje lagt merke til at mange av dei same typane matvarer står på same stad. Meieriprodukt som mjølk, yoghurt og rømme står saman i kjøleskapet, frukt og grønsaker er i same disk, og kjøt og fisk ligg samla i kjølediskane.

Sjå lysbilete til Matvaregruppene

Når vi er på butikken, er det veldig praktisk at matvarene står samla. Då er det lettare å samanlikne dei og velje det produktet som passar best til nettopp det du treng. Du kan samanlikne nesten like produkt, som crème fraîche og rømme, eller heilt like produkt frå ulike leverandørar. Dette sparar oss for tid når vi skal finne det vi har på handlelista.
Matvarene står samla etter noko vi kallar matvaregrupper. Vi har sju matvaregrupper:

  • korn og kornvarer
  • grønsaker, frukt og bær
  • fjørfe, kjøt og egg
  • fisk og skaldyr
  • mjølk og mjølkeprodukt
  • smør, margarin og anna spisefeitt
  • nøtter og frø

Matvarene som er i same gruppe, har mykje til felles når det gjeld kva næringsstoff dei inneheld.

Kan du alt litt om matvaregruppene? Ta kvissen og test deg sjølv no!

Kviss om matvaregruppene

Type
Kviss
Utstyr
Digitale verktøy

Diskuter i klassen kva slags matrettar som har råvarer frå fleire matvaregrupper, for å lære meir!

Finn mat frå fleire matvaregrupper

Type
Gruppeoppgåve
Utstyr
Blyant og ark

Kostsirkelen

Har du sett kostsirkelen før? Her er matvaregruppene plasserte i ulike felt. Vi bør ete frå alle dei ulike gruppene kvar dag. Ser du at dei ulike felta i kostsirkelen har ulik storleik? Det viser kor mykje vi treng å ete av dei ulike matvarene i løpet av ein dag. Vi bør altså ete meir mat frå nokre matvaregrupper og mindre mat frå andre matvaregrupper.

Foto: Aina Hole/Helsedirektoratet

Dei to største felta i kostsirkelen er grønsaker, frukt og bær, og korn og kornvarer. For å hugse å ete mykje av frukt, grønsaker og bær har vi eit slagord som heiter «5 om dagen». Har du høyrt det før? Halvparten bør vere grønsaker, og den andre halvparten kan vere frukt, bær eller juice. Desse matvarene inneheld mykje vitamin, mineral og kostfiber som er bra for oss.

Korn, kornvarer og poteter er også matvarer vi treng mykje av, og som vi ofte et til kvart måltid. Difor har desse plassar i det same feltet. Desse matvarene har også mykje kostfiber og andre karbohydrat som gjev oss energi.

Dei nest største felta i kostsirkelen er dei to gruppene med fjørfe, kjøt og egg og fisk og skaldyr. Desse matvarene inneheld mykje protein som er viktig for oss. Fisk inneheld også mykje sunt feitt som vi treng. Fjørfe er fuglar vi brukar til matproduksjon, som kylling og kalkun. Matvarene i desse gruppene et vi ofte til middag, men dei kan også etast i form av kjøtpålegg, fiskepålegg eller leverpostei.

Mjølk og mjølkeprodukt er eit mindre felt i kostsirkelen. Dette er matvarer som inneheld fleire viktige mineral og protein. Desse er også bra for oss, men vi treng ikkje like mykje av dei som til dømes av frukt, grønsaker og bær.

Dei minste felta er gruppene med smør, margarin og anna spisefeitt, og nøtter og frø. Kroppen treng desse matvarene også, men i mindre mengder enn dei andre gruppene sidan dei inneheld mykje energi. Ofte brukar vi smør eller olje til å steikje maten i, og smør eller margarin i eit tynt lag på brødskiva. Nøtter kan vere godt å ete mellom måltida som snacks.

Andre matvarer

Vi har inga eiga matvaregruppe som heiter drikke. Det er fordi mjølk, juice, brus og andre drikkar går inn under dei andre gruppene. Til dømes går mjølk inn under mjølk og mjølkeprodukt, og juice kan passe inn under grønsaker, frukt og bær.

Det er ikkje noko felt i kostsirkelen for godteri og salt snacks fordi vi ikkje treng dette i det daglege kosthaldet vårt. Det smakar godt, men inneheld mykje feitt og sukker eller salt, og nesten ingenting av det som er bra for kroppen vår, som vitamin, mineral og kostfiber. Vi kan kose oss med desse matvarene innimellom, men ikkje kvar dag.

Hugsar du kva slags matvaregruppe du bør ete mest og minst av? Test deg sjølv i sorteringsoppgåva!

Sortere etter kostsirkelen

Type
Sortering
Utstyr
Digitale verktøy

No kan de diskutere i klassen kvifor vi har kostsirkelen, og korleis ein kan bruke han.

Snakk om kostsirkelen

Type
Gruppeoppgåve
Utstyr
Blyant og ark

Vegetabilske og animalske matvarer

Vi kan også dele inn matvarene etter kvar dei kjem frå. Matvarer som kjem frå plantar, kallar vi vegetabilske. Det er matvarer som kornvarer, poteter, grønsaker, frukt og bær. Matvarer som kjem frå dyr, kallar vi animalske. Det er til dømes fisk, kjøt, mjølk og smør. Når vi ser på kostsirkelen, kan vi sjå at det er dei vegetabilske matvarene vi bør ete mest av.

For å hugse forskjellen kan det vere lurt å tenkje på dei engelske orda «animal», som betyr dyr, og «vegetables», som betyr grønsaker.

Ta kvissen om kostsirkelen for å sjå kor mykje du har lært!

Kviss om kostsirkelen

Type
Kviss
Utstyr
Digitale verktøy

Matvaremerkingar

Har du sett at det av og til er eit grønt nøkkelholmerke på matvarene, eller ein sirkel med fire felt på brødposen? Dette er merke som skal gjere det enklare å velje dei matvarene som er best for kroppen vår.

Nøkkelholet

Matvarene som har fått Nøkkelholmerket, er dei sunnaste innanfor ei matvaregruppe, det vil seie at dei inneheld meir fiber og mindre feitt, sukker og salt enn dei andre matvarene i same gruppe. Nøkkelholet skal difor gjere det enkelt for deg å velje sunnare alternativ når du eller foreldra dine er i butikken og handlar.

Døme på matvarer som er merka med Nøkkelholet, er ekstra lett lettmjølk og skumma mjølk, fersk og frosen fisk og havregryn. Andre frukter og grønsaker har også Nøkkelholet, sjølv om det ikkje alltid synest i butikken. Kanskje kjenner du til andre matvarer med Nøkkelholmerket også?

Korleis tykkjer du matvarer med Nøkkelholet burde merkast?

Merk mat med Nøkkelholet

Type
Sjølvstendig oppgåve
Utstyr
Blyant og ark

Brødskalaen

Brødskalaen er ein sirkel med fire felt som viser kor mykje grovt mjøl og heile korn det er i brødet. Om berre eitt felt er merka, betyr det at brødet er fint, det vil seie at det har lite eller ingenting av grovt mjøl eller heile korn. Eitt døme på fint brød er loff. Eit halvgrovt brød har to merka felt, då er under halvparten av mjølet i brødet grovt. Kneippbrød er eit døme på eit halvgrovt brød. Grovt brød har tre merka felt, og ekstra grovt brød har fire merka felt, det vil seie at over halvparten av mjølet i brødet er grovt.

Nokre brød kan sjå grove ut sjølv om dei ikkje er det. Det kan vere fordi dei er tilsett sirup som gjev brødet ei mørk farge.

Når mykje av mjølet i brødet er grovt, og når det er mykje heile korn i brødet, inneheld det mykje fiber, vitamin og mineral, som er godt for oss. Prøv å sjå etter brød med tre eller fire felt på Brødskalaen neste gong du er med i butikken!

Det finst fleire andre merkeordningar også, som «Nyt Norge», «Økologisk» og «NORGE – Norsk Sjømat».

Greier du å smake forskjell på fint og grovt brød? Ta blindtesten av brød saman med resten av klassen!

Blindtest av brød

Type
Gruppeoppgåve
Utstyr
Blyant og ark

Ta kvissen om matmerking for å sjå kor mykje du har lært!

Kviss om matmerking

Type
Kviss
Utstyr
Digitale verktøy

No som du kjenner til matvaregruppene og fleire merkeordningar, kan du sjå om du finn dei i butikken!

Finn maten i butikken

Type
Sjølvstendig oppgåve
Utstyr
Blyant og ark

Tilbake til startsida