Til hovedinnhold

Blindtest av brød

I denne oppgåva skal de smake dykk fram til grovheitsprosenten i brødet.

Grovt brød inneheld fleire næringsstoff enn fint brød. Det er ei god kjelde til kostfiber og inneheld dessutan vitamin og mineral.

Brødskalaen viser kor mange prosent heile korn, sammale mjøl og kli det er i brødet. Det er vanskeleg å vurdere kor grovt brødet er berre ved å sjå på det. Nokre gongar kan det ha mørk farge og mykje korn på toppen utan at det er veldig grovt.

Les meir om Brødskalaen på Matportalen.

Dette gjer de:

Samarbeid: Dette er ei oppgåve de løyser saman. Her treng de ikkje datamaskin eller nettbrett.

  1. Kjøp inn fire ulike brødtypar som er merkte med brødskalaen. Kjøp eitt frå kvar del av grovheitskalaen (eitt som har 0-25 % sammale mjøl og heile korn, eitt med 25-50 %, eitt med 50-75 % og eitt med 75–100 %).
  2. Skjer brødet i terningar, legg terningane på ein tallerken og merk det med nummer 1, 2, 3 eller 4. Det er berre læraren som veit kva slags brød som høyrer til kva slags nummer.
  3. Alle ser, tek på og smakar på brødet, og deretter gjettar de kor grovt brødet er.

Tips: De kan også lage ein smakskonkurranse: Del inn i til dømes fire grupper. Alle skal smake på alle brøda og gjette. Den gruppa med flest riktige svar, vinn.

Merk: Elevar som har glutenintoleranse eller glutenallergi, kan ikkje vere med i denne testen.