Til hovedinnhold

Finn maten i butikken

No har du lært om dei ulike matvaregruppene og nokre merkeordningar for mat. Greier du å finne dei igjen når du er i butikken?

Matvaregruppene vi har, er:

  • korn og kornvarer
  • grønsaker, frukt og bær
  • fjørfe, kjøt og egg
  • fisk og skaldyr
  • mjølk og mjølkeprodukt
  • smør, margarin og anna spisefeitt
  • nøtter og frø

Bli med ein vaksen på handletur i matbutikken. Hugs å ta med deg noko å notere på, og svar på spørsmåla under.

Dette gjer du:

Ta med deg blyant og ark, her treng du ikkje datamaskin eller nettbrett.

  1. Finn det du likar best i kvar matvaregruppe
  2. Finn noko du aldri har sett før eller smakt på i kvar matvaregruppe.
  3. Finn éi eller fleire matvarer som ikkje er med i ei matvaregruppe
  4. Finn to matvarer som er merkte med Nøkkelholet.
  5. Finn to brødsortar med ulikt tal felt på Brødskalaen
  6. Finn du andre merkeordningar på matvarer?

Tips: Om du ikkje kan dra i butikken, kan du sjå kva du finn i kjøleskapet og kjøkenskapa heime.