Til hovedinnhold

Finn mat frå fleire matvaregrupper

I denne oppgåva skal de gje døme på matrettar med matvarer frå ulike grupper.

Mykje av det vi et til ulike måltid, har matvarer frå fleire ulike matvaregrupper. Til dømes lapskaus, som inneheld både grønsaker og kjøt. Pizza er også ein matrett som inneheld matvarer frå fleire ulike grupper.

Dette gjer de:

Samarbeid: Dette er ei oppgåve de kan gjere saman! Her treng de ingen digitale verktøy.

  1. Nemn alle dei sju matvaregruppene og gje døme på matvarer i alle gruppene.
  2. Finn døme på ein matrett som inneheld matvarer frå to matvaregrupper.
  3. Finn døme på ein matrett som inneheld matvarer frå tre matvaregrupper.
  4. Finn døme på ein matrett som inneheld matvarer frå fire eller fleire matvaregrupper.