Matvaregruppene

Vi har sju ulike matvaregrupper.

Matvaregruppene står ofte samla i butikken.

Det gjer det lettare å samanlikne dei og sparar oss for tid.

Matvarene i same gruppe har ofte ganske likt næringsinnhald.

Dei sju matvaregruppene er:

  • korn og kornvarer
  • grønsaker, frukt og bær
  • fjørfe, kjøt og egg
  • fisk og skaldyr
  • mjølk og mjølkeprodukt
  • margarin, smør og matolje
  • nøtter og frø

Kostsirkelen

Foto:Aina Hole/Helsedirektoratet

I kostsirkelen er matvaregruppene plasserte i ulike felt.

Sirkelen viser oss kva slags tilhøve det bør vere mellom matvarene vi et.

Vi bør ete frå alle gruppene kvar dag, men vi treng ikkje like mykje frå alle.

Dei to største felta er:

  • grønsaker, frukt og bær
  • korn og kornprodukt

Vi bør ete minst fem om dagen av grønsaker, frukt og bær.

Dei gjev oss:

  • vitamin
  • mineral
  • kostfiber

Vi treng også grove korn og kornprodukt dagleg. Dei gjev oss:

  • kostfiber
  • energi
  • vitamin
  • mineral

Mat frå dei andre gruppene treng vi også kvar dag, men i mindre mengder.

Godteri har ikkje eit eige felt i Kostsirkelen, fordi kroppen vår ikkje treng å ete det.

Drikke har heller inga eiga matvaregruppe, men er fordelt over dei andre gruppene. Til dømes er:

· mjølk i gruppa med mjølk og mjølkeprodukt

· juice i gruppa med grønsaker, frukt og bær

Vegetabilske og animalske matvarer

Matvarer som kjem frå naturen kallar vi vegetabilske, til dømes:

  • kornvarer
  • poteter
  • grønsaker og frukt

Matvarer som kjem frå dyr kallar vi animalske, til dømes:

  • fisk
  • mjølk
  • egg

Tenk på dei engelske orda «vegetable», som betyr grønsaker, og «animal», som betyr dyr, for å hugse forskjellen!

Nøkkelholet

Nøkkelholet gjer det lettare å velje dei sunnare alternativa

Nøkkelholet viser kva slags matvarer som er sunnast i matvaregruppa si. Døme på matvarer med Nøkkelholet:

  • ekstra lettmjølk
  • havregryn
  • fiskefilet
  • grønsaker og frukt

Brødskalaen

Brødskalaen viser kor mykje grovt mjøl og heile korn det er i brødet.

  • eitt merka felt er fint brød
  • to merka felt er halvgrove brød
  • tre merka felt er grove brød
  • fire merka felt er ekstra grove brød

Vi bør velje grove eller ekstra grove brød til kvardags

Tilbake til Matvaregruppene