Til hovedinnhold

Snakk om kostsirkelen

I denne oppgåva skal de i klassen diskutere kostsirkelen saman med læraren. Bruk spørsmåla under.

Kostsirkelen viser oss kva slags tilhøve dei ulike matvarene bør ha i kosthaldet vårt, altså kor mykje vi bør ete av dei.

Svar på spørsmåla under:

Samarbeid: Dette er ei oppgåve de gjer saman. Her treng de ikkje datamaskin eller nettbrett.

  1. Kvifor er det ulik storleik på felta?
  2. Kva matvarer bør vi ete mest av?
  3. Kva matvarer bør vi ete minst av?
  4. Kvifor bør ein ete matvarer frå alle dei ulike felta?
  5. Korleis kan ein bruke kostsirkelen når ein skal setje saman måltid?