Til hovedinnhold

Finn ut korleis vi kan passe på kropp og klote

Kompetansemål: diskutere kva mattryggleik og trygg mat er for noko

I dette temaet skal du lære meir om mattryggleik og god mat- og kjøkenhygiene. Du vil også lære litt om korleis vi kan leggje mindre press på jordkloten enn vi gjer i dag, ved å endre måten vi lever på. Tykkjer du teksten er lang eller vanskeleg? Sjekk lysbileta først!

Sjå lysbilete til Hygiene

Sjå lysbilete til Mat og bærekraft

Verdas helseorganisasjon (WHO) jobbar med å betre helsa til menneske over heile kloten. Dei har laga fem nøkkelprinsipp for god mathygiene:

  • syte for godt reinhald
  • halde rått og varmebehandla fråskild
  • syte for tilstrekkeleg oppvarming
  • sikre temperaturar ved lagring
  • bruke sikre råvarer og reint vatn

Du skal lære meir om desse prinsippa og få nokre tips til kva du kan gjere.

Kva er trygg mat/mattryggleik?

Når vi snakkar om mattryggleik, meiner vi at maten vi et skal vere trygg for oss, og ikkje innehalde bakteriar, kjemikaliar eller andre stoff som kan gjere oss sjuke. Du har sikkert høyrt om matforgifting. Matforgifting kan vi få, om vi et mat med bakteriar som kroppen vår ikkje likar.

I Noreg er det mange lover og reglar for matproduksjon og for kjøp og sal av mat. Meininga er at vi skal kunne kjenne oss trygge på ikkje å bli sjuke av det vi et og drikk. Det er ikkje alltid at lovene blir følgde. Av og til blir dette oppdaga, og då kan til dømes matvarene bli trekte tilbake frå butikkane.

Mattilsynet

Har du høyrt om Mattilsynet? Dei har mange ulike oppgåver for å sikre at vi et trygg mat. Dei sjekkar at dyra på norske gardar har det bra, for dyra har også krav på god helse og gode levevilkår. Om dyra blir sjuke eller har bakteriar, kan sjukdomen eller bakteriane overførast til maten til menneska. Mattilsynet følgjer også med på dyrking av korn, frukt og grønsaker. Det er til dømes reglar for kor mykje sprøytemiddel som kan brukast. Mattilsynet drar til og med på besøk til butikkar og restaurantar for å sjekke om det er reint og ryddig der. Du har kanskje sett at nokre kafear eller restaurantar har ein lapp på døra med smilefjes? Det betyr at Mattilsynet har vore på besøk. Eit smilefjes betyr at staden har god hygiene.

Kan du allereie mykje om mattryggleik og hygiene? Då kan du teste deg no.

Kviss om trygg mat

Type
Kviss
Utstyr
Digitale verktøy

No skal du lære meir om bakteriar og hygiene. Ein kan ikkje sjå bakteriar, og det skal du få eit døme på i denne oppgåva.

Lær om bakteriesmitte

Type
Gruppeoppgåve
Utstyr
Blyant og ark

Mathygiene

Syte for godt reinhald

Å syte for godt reinhald vil mellom anna seie å ha god hygiene. Hygiene betyr eigentleg sunnheit. Når du skal lage mat på kjøkenet, enten det er heime, på skolen eller andre stadar, er det viktig at du har god hygiene.

Du skal alltid vaske hendene godt med såpe og lunka vatn før du tek på mat. Då blir du kvitt bakteriane i staden for å smitte dei over på maten. Hugs å vaske tomlane, dei blir ofte gløymte. Vask hendene før du lagar mat, etter pausar, mellom ulike arbeidsoppgåver og om du har vore på toalettet eller har teke deg i ansiktet. Alle som har langt hår, bør ha håret i strikk når dei lagar mat. I tillegg er det lurt å ha på forklede.

Du bør også vaske frukt, bær og grønsaker før du et dei. Det gjeld særleg dei du ikkje skrellar før du skal ete dei, som til dømes eple, druer, paprika, salat og alle bær. Frukt som du skrellar, som til dømes appelsin og banan, treng du ikkje å vaske. Grønsaker du skal skrelle, kan vere dekka av jord som er vanskeleg å få bort. Difor bør du skylje til dømes potetar og gulrøter også.

Ei like viktig oppgåve som å vaske hender, er å vaske kjøkenet. No skal de få ta ei skikkeleg storreingjering!

Storreingjering på kjøkenet

Type
Gruppeoppgåve
Utstyr
Blyant og ark

Har de eit godt brukt vaffeljarn på skolekjøkenet? Vaffeljarn kan vere litt vanskeleg å vaske, men i den neste oppgåva skal du få eit skikkeleg godt vasketips!

Lag vaskevaffel

Type
Gruppeoppgåve
Utstyr
Blyant og ark

Halde rått og varmebehandla fråskilt

Når du brukar ulike råvarer, må du passe på ved matlaginga. Noko skal kanskje steikjast, kokast eller varmebehandlast på ein annan måte, medan anna skal vere rått. Rått kjøt kan innehalde bakteriar som kan gjere oss sjuke. Desse bakteriane døyr ved skikkeleg varmebehandling.

Om ein kuttar rått kjøt og grønsaker på same fjøl, kan ein overføre bakteriar frå kjøtet til grønsakene. Det kallast kryssforureining. For å unngå dette er det viktig alltid å vaske fjøla og kniven godt etter at du har kutta matvarer som kjøt, fisk eller anna som skal varmebehandlast. Det aller beste er å bruke ulike reiskapar til dei ulike råvarene. Du må vaske deg på hendene med såpe etter at du har teke på rått kjøt.

Allergi

Nokre har allergi eller er intolerante for visse matvarer som fisk, nøtter, gluten eller mjølk. Dei som reagerer på mat eller stoff som finst i mat, kan få kraftige reaksjonar eller berre forbigåande ubehag. Dette lærte du meir om i "Bevisste forbrukarar". Om ein reagerer på gluten, kan ein ikkje ete brød som er laga med til dømes kveite, spelt, rug eller bygg. Om nokon som ikkje toler gluten brukar ei fjøl der einkvan har skore brød med gluten, kan det også oppstå kryssforureining.

Syte for tilstrekkeleg oppvarming

Som du no har lært kan rått kjøt innehalde bakteriar vi ikkje vil ha i oss. Difor må du passe på at fjørfekjøt som kylling, kalkun og and samd omarbeidd kjøt som kjøtdeig og hamburgarar alltid er skikkeleg gjennomsteikte. Bakteriar trivst veldig godt mellom 10-45 grader, men dei døyr ved 50-60 grader. Difor må alt kjøtet bli skikkeleg gjennomsteikt.

Heile kjøtstykke som kotelettar og biff har bakteriar berre på overflata. Dei må framleis varmebehandlast, men treng ikkje vere like godt gjennomsteikte. Difor er det greitt å ete kotelettar som er litt raude i midten, men ikkje til dømes kyllingfilet eller hamburgar som er det.

No er du halvvegs gjennom hygiene-stoffet! Test deg sjølv med kva du har lært til no!

Kviss om hygiene 1

Type
Kviss
Utstyr
Digitale verktøy

Det er ikkje berre arbeidsstasjonen på skolekjøkenet som treng storreingjering, fellesareala treng det også. Og det må gjerast skikkeleg!

Storreingjering av fellesareal

Type
Gruppeoppgåve
Utstyr
Blyant og ark

Sikre temperaturar ved lagring

Mat må lagrast ved riktige temperaturar. Det kan variere kva temperatur matvarene trivst best i. Mange frukter og grønsaker likar best romtemperatur, medan kjøt må lagrast i kjøleskap for å unngå vekst av bakteriar. Det er kaldast nedst i kjøleskapet, så legg kjøtet der, og legg ferdigmat og annan mat som ikkje blir like fort dårleg på dei øvste hyllene.

Om du ikkje orkar å ete opp all maten du har laga, bør du kjøle han ned raskt. Du veit jo no at bakteriar elskar temperaturar mellom 10-45 grader. Det kan vere lurt å dele maten i mindre porsjonar om det er store mengder, for då blir han raskare nedkjølt. Legg maten i ein boks med lokk og legg han i kjøleskåpet, ikkje la matrestane liggje lenge på benken.

Du må også tenkje på kva du har matrestane i. Visste du at iskrem-boksar berre er laga for å ha kald mat i, og at du difor ikkje burde bruke dei til å lagre til dømes varme middagsrestar? Det er nemleg sånn at ein bør bruke emballasjen til den maten han er laga for, og ikkje til noko anna. Nokre typar matemballasje kan innehalde stoff som ikkje er bra for oss.

Det er ikkje all emballasje som eignar seg for lagring av mat i det heile teke. Men det er lett å finne ut av, det er berre å sjå etter symbolet med glass og gaffel. Alt som er merkt med dette symbolet, kan du trygt ha mat i.

Nå har du lært om korleis mat bør oppbevarast. I den neste oppgåva kan du rangere matvarane etter kvar dei bør liggje i kjøleskapet. 

Sortere maten i kjøleskapet

Type
Sortering
Utstyr
Digitale verktøy

Bruke sikre råvarer og reint vatn

Du har sikkert sett at dei aller fleste matvarene er merkte med ei datostempling. Det finst to ulike typar datomerking på mat; "Best før" og "Siste forbruksdag".

"Best før" betyr at matvara skal halde seg så lenge utan å bli dårleg. Det er som regel ikkje farleg å ete maten etter denne datoen, så lenge ein luktar eller smakar litt på han først for å sjekke om han har blitt dårleg. Matvarer som er merkte med "best før" er mellom anna mjølk, yoghurt, knekkebrød og hermetikk.

"Siste forbruksdag" er viktigare å ta omsyn til enn "Best før". Matvarer som blir merkte med "Siste forbruksdag" held seg kort tid og blir lett dårlegare. Du bør ikkje ete desse matvarene etter at dei har gått ut på dato. Typiske matvarer som er merkte med "Siste forbruksdag" er ferske kjøt- og fiskeprodukt, kylling og pølser.

No har du lese endå meir om hygiene, og det er på tide med ein ny kviss for å teste kva du har lært!

Kviss om hygiene 2

Type
Kviss
Utstyr
Digitale verktøy

No som du har lært mykje om hygiene og haldbarmerking, skal du få sjekke kva det eigentleg betyr at ei matvare er merkt med «Best før».

Test haldbarmerkinga

Type
Gruppeoppgåve
Utstyr
Blyant og ark

Hugsar du kva du har lært om mathygiene no? Her kan du teste deg i ei sorteringsoppgåve!

Sortere kjøkenoppgåver

Type
Sortering
Utstyr
Digitale verktøy

Mat og berekraft

Visste du at om alle hadde levd som vi gjer i Noreg, ville vi trengt tre planetar for å skaffe nok ressursar? Det har WWF Verdas naturfond rekna ut. Grunnen er at vi ikkje lever særleg berekraftig.

Berekraft handlar om måten vi brukar ressursane våre på. Ressursar kan til dømes vere pengar, vatn, mat, oksygen og mykje anna. For å ha det vi kan kalle ei berekraftig utvikling, må vi ta vare på behova til alle som lever i dag, samstundes som vi tenkjer på dei neste generasjonane og deira behov. Om du tenkjer over det, så er det jo rettferdig at 11-åringar om 10 år og om 100 år får same høve til å bruke jorda og alt som jorda gjev oss av mat, luft, klede, hus og anna, som 11-åringar i dag har?

De kan sjå denne tre minutt lange videosnutten frå FN og Unicef Noreg, om de vil lære meir om berekraft. 

Når vi snakkar om berekraftig kosthald, meiner vi eit kosthald som ikkje utset jorda for mykje press. Noko av det som legg press på kloten vår, er faktisk landbruk og matproduksjon. Difor er det mykje vi kan gjere med kosthaldet for å leve meir miljøvenleg og berekraftig.

Matsvinn

Ein enkel ting som du kan gjere, er å kaste mindre mat. På verdsbasis kastast ein tredel av maten som produserast! Mykje mat blir kasta i butikkane og under produksjon, men forbrukarane har også sin del av skylda.

Vi forbrukarar kastar faktisk så store mengder mat at det svarar til kvar femte handlepose med mat som vi kjøper. Difor bør vi alle bli flinkare til å planleggje innkjøpa, ete opp maten og bruke restar. No har du jo også lært om haldbarmerking, og veit at ikkje alle matvarer merkte med "Best før" treng å kastast, sjølv om datomerkinga har gått ut.

Har de nokre gode framlegg til korleis ein kan kaste mindre mat? Diskuter det saman i denne oppgåva.

Redusere matsvinn

Type
Gruppeoppgåve
Utstyr
Blyant og ark

Resirkulering

Resirkulering er også viktig for ei meir berekraftig utvikling. Resirkulering betyr å "få inn i eit krinsløp igjen", og vi brukar det ofte når vi snakkar om gjenvinning av avfall. Det er når materialet frå avfallet brukast som råstoff til å lage nye varer.

Symbolet for resirkulering

Mange stadar i landet kan ein kjeldesortere mesteparten av søpla heime. Matavfall, plastavfall og restavfall kastast kvar for seg. Papir og papp kan sorterast og kastast i eigne konteinarar. Det same gjeld for glas og metallemballasje. Vi kjeldesorterer avfall fordi det meste kan brukast på nytt. Mykje matavfall blir til biogass, som kan brukast som drivstoff til dømes i bussar.

Ete mindre kjøt

Helsestyresmaktene rår oss til å ete mindre raudt og omarbeidd kjøt som pølser og hamburgarar, for å få betre helse. Men det finst faktisk endå en grunn til å ete mindre kjøt, og det er fordi det kan vere bra for miljøet. Vi brukar mykje ressursar på å produsere kjøt, meir enn på å produsere til dømes korn. Ein må hogge ned meir skog, og det går ut over dyr og plantar som lever der. I tillegg forureinar kjøtproduksjonen meir enn produksjonen av anna mat. Difor kan det vere nyttig både for kropp og klote, om vi et litt mindre kjøt og heller meir frukt, grønsaker, fisk, kornprodukt og belgvekstar som bønner og kikerter.

Lurar du på kva slags mat ein kan ete, om ein ikkje skal ete kjøt? Det kan de finne ut av saman i den neste oppgåva.

Finn vegetaroppskrifter

Type
Gruppeoppgåve
Utstyr
Blyant og ark

Om ein har ein oppskrift med kjøt kan ein enkelt byte ut kjøtet med ein annan ingrediens for å få ein vegetarrett. Det skal de gjere i den neste oppgåva.

Lag vegetarmat

Type
Gruppeoppgåve
Utstyr
Blyant og ark

No kan du teste deg sjølv på kva du har lært om mat og berekraft.

Kviss om mat og berekraft

Type
Kviss
Utstyr
Digitale verktøy

Ofte hjelper det å repetere for å hugse stoffet betre. Det skal de gjere saman i denne oppgåva om berekraft.

Oppsummer mat og berekraft

Type
Gruppeoppgåve
Utstyr
Digitale verktøy

Tilbake til startsida