Til hovedinnhold

Finn vegetaroppskrifter

I denne oppgåva skal de finne framlegg til vegetariske matretter.

Har du høyrt om kjøtfri måndag? Det er eit framlegg om å ha ein dag i veka der ein ikkje et kjøt. Sjølv om vi ikkje bør ete for mykje raudt kjøt, inneheld både raudt og kvitt kjøt nyttige næringsstoff for kroppen. Difor må ein erstatte kjøtet med noko anna som inneheld nokre av dei same næringsstoffa. Kjøt er til dømes ei kjelde til protein, jarn og B-vitamin. Gode erstatningar for kjøt kan vere egg, bønner og linser, kikerter og soyaprodukt.

Dette gjer de:

Gå saman fire og fire eller bruk grupper de allereie har. De treng nettbrett eller datamaskin til denne oppgåva. 

  1. Finn fram denne bloggen: https://www.framtiden.no/blogg/matbloggen/
  2. Leit i oppskriftene på bloggen og skriv opp framlegg til ein frukost, ein lunsj og ein middag utan kjøt.
  3. Gå gjennom i klassen, og vel ein meny de kan lage på kjøkenet.

Tips: Du kan gjerne prøve ut ein eller fleire av matrettene heime.