Mattryggleik og hygiene

Mattryggleik

Kva er mattryggleik? Det er at maten vi et skal:

  • Vere trygg for oss
  • Ikkje innehalde bakteriar
  • Ikkje innehalde kjemikaliar
  • Ikkje innehalde andre stoff som kan gjere oss sjuke

I verste fall kan vi få matforgifting om vi et mat med bakteriar kroppen vår ikkje likar.

Mattilsynet

Mattilsynet jobbar med mattryggleik i Noreg. Mellom oppgåvene deira, er:

  • Sjekke at dyra på gardar har det bra
  • Følgje med på dyrking av korn og grønsaker, mellom anna med tanke på sprøytemiddel
  • Besøkje serveringsstader for å sjekke hygienen

Serveringsstader med god hygiene får eit smilefjes i vindauget/døra.

Nøkkelprinsipp

Verdas helseorganisasjon (WHO) jobbar med å betre helsa til menneske over heile verda. Dei har laga fem nøkkelprinsipp for å ha god mathygiene:

  • Syte for godt reinhald
  • Halde rått og varmebehandla fråskild
  • Syte for tilstrekkeleg oppvarming
  • Sikre temperaturar ved oppbevaring
  • Bruke sikre råvarer og reint vatn

Syte for godt reinhald

Hygiene betyr sunnheit. God hygiene er viktig på kjøkenet.

Vask med såpe og lunka vatn, og hugs å vaske tomlane også!

Du skal alltid vaske hendene:

· Før du tek på maten

· Før du lagar mat

· Etter pausar

· Mellom ulike arbeidsoppgåver

· Etter at du har vore på toalettet

Halde rått og varmebehandla fråskild

Rått kjøt inneheld bakteriar vi ikkje bør få i oss.

Bakteriane døyr ved varmebehandling.

Difor skal vi alltid varmebehandle kjøt før vi et det.

Pass på at bakteriane frå rått kjøt ikkje smittar over på annan mat. Det kallast kryssforureining.

Etter å ha skore i rått kjøt skal du alltid:

  • Vaske fjøl og kniv
  • Vaske hendene
  • Eventuelt bruke ulike reiskapar til kjøt og grønsaker/andre råvarer

Tilstrekkeleg oppvarming

Bakteriar er opptekne av temperaturar:

  • Under -12 grader er dei i dvale
  • 0-10 grader trivst dei greitt, men veks ikkje
  • 10-45 grader trivst dei veldig godt, og kan vakse og formeire seg fort
  • 50-60 grader døyr dei fleste

Heile kjøtstykke som biff har bakteriar på overflata og treng ikkje gjennomsteikast.

Omarbeidd kjøt som hamburgar skal alltid gjennomsteikast skikkeleg.

Sikre temperaturar

Kjøt skal alltid oppbevarast i kjøleskap (eller frysar), medan mange frukter og grønsaker trivst best på kjøkenbenken.

Kjøl ned restemat raskt, så unngår du bakteriar! Del i mindre porsjonar og legg i kjøleskåpet.

 

Sjå etter dette symbolet, så veit du at det er trygt å lagre mat i boksen/posten eller anna. 

Best før

Datomerking fortel oss kor lenge maten held seg.

«Best før» betyr at matvara skal halde seg så lenge utan å bli dårleg. Ofte kan maten etast etter datoen han er merkt med. Matvarer med «Best før» er til dømes:

  • Mjølk
  • Yoghurt
  • Knekkebrød

Siste forbruksdag

Matvarer med «Siste forbruksdag» held seg kort tid og blir lett dårlege.

Du bør ikkje ete desse matvarene etter at dei har gått ut på dato.

Typiske matvarer med «Siste forbruksdag» er:

  • Ferske kjøt- og fiskeprodukt
  • Kylling
  • Pølser
Tilbake til Trygg mat nn