Til hovedinnhold

Lag vaskevaffel

I denne oppgåva skal de lage ein vaskevaffel for å reingjere vaffeljarnet.

Eit vaffeljarn skal ikkje vaskast i oppvaskmaskina eller med såpe. Du kan vaske det med ein oppvaskbørste eller mjuk klut. Men ofte sit det igjen mykje feitt og ekstra smak i jarnet likevel, og vaflane set seg lettare fast under steiking når jarnet ikkje er nytt og reint lenger. Heldigvis finst det nokre triks så jarnet kan bli (nesten) like godt som nytt igjen.

Dette gjer de: 

1.Lag ei vaffelrøre av:

  • 0,5 desiliter vatn
  • 1 desiliter mjøl
  • 2 store skeier salt
  • og rør saman til ein litt tjukk, seig deig

2.Denne røra hellast i jarnet, fordelast utover og steikast på vanleg måte. Pass på at ho steikjer lenge nok, ho skal bli gyllen.

3. Når vaffelen er ferdig, går ho i søpla, for denne skal de ikkje ete.

4.No har de eit reint vaffeljarn, klart til å steikje nye vaflar i!

OBS! Lurar du på kva som skjedde? Saltet trekk til seg feitt og smak som festar seg i vaskevaffelen og går så i søpla. Ein vaskevaffel kan ein gjerne lage med jamne mellomrom.