Til hovedinnhold

Lag vegetarmat

I denne oppgåva skal de gjere vanlege matrettar om til vegetarrettar. De skal lage lasagne, taco og chili con carne utan kjøt.

Det treng ikkje vere så vanskeleg å ete mindre kjøt om ein ønskjer det. Mange vanlege matrettar kan gjerast om til vegetarrettar med enkle grep. Det er viktig å hugse at kjøtet må erstattast med noko, ikkje berre fjernast frå matretten. Ofte kan ein erstatte kjøtet med til dømes fisk, bønner, kikerter eller egg.

På førehand finn læraren fram oppskrifter på dei tre rettane (med kjøt). Desse skal de seinare gjere endringar i.

Dette gjer de:

Del inn i tre grupper. Bruk gjerne grupper de allereie har.

  1. Diskuter i klassen kva ein kan erstatte kjøtet med i lasagne, taco og chili con carne. Kanskje har nokon laga desse rettane utan kjøt tidlegare?
  2. Fordel matrettane mellom dei tre gruppene, så alle får kvar sin rett.
  3. Set dykk i gruppene og bestem dykk for kva ingrediens de vil erstatte kjøtet med.

Tips: Om de har tilgang til kjøken, kan kvar gruppe lage sin kjøtfrie matrett og servere til dei andre gruppene.