Til hovedinnhold

Lær om bakteriesmitte

I denne oppgåva skal de lære om korleis stoff frå maten kan smitte over på annan mat utan at vi ser det, akkurat som bakteriar kan gjere.

Hygiene betyr at noko er reint, slik at bakteriar ikkje kan gjere oss sjuke. Bakteriar er ikkje noko vi kan sjå, og difor kan det vere vanskeleg å unngå dei. I denne oppgåva skal vi ikkje bruke bakteriar som døme, men vi skal sjå korleis stoff vi ikkje ser, kan påverke maten vi et.

Dette gjer de:

Dette er ein gruppeoppgåve som de kan gjere på kjøkenet!

  1. Finn fram ein lauk, ein melon, ei skjerefjøl og ein kniv.
  2. Del melonen i to, skjer av ein bit og smak på han.
  3. Del lauken i to og skjer i lauken nokre fleire gongar.
  4. Skjer av ein ny bit av melonen og smak på han.
  5. Så diskuterer de i klassen/gruppa dei neste punkta:
  6. Kva var skilnaden på den første og andre melonbiten de åt?
  7. Kvifor trur de det var sånn?
  8. Kva kunne ha skjedd om det var bakteriar i lauken?
  9. Kva kunne de ha gjort for å unngå lauksmak på melonen?

Tips: Om ein skjer lauk og melon med same kniv, vil saft frå lauken flytte seg til melonen og gje frå seg smak. Du kan ikkje sjå det på korkje kniven eller melonen, akkurat slik det er med bakteriar. Men du vil kjenne det godt på smaken.