Mat og berekraft

Berekraft handlar om måten vi brukar ressursane våre på. Ressursar kan vere t.d. pengar, vatn, mat, oksygen og mykje anna.

Det er viktig at vi lever på ein måte som gjer at alle på jorda i dag har det bra, og at alle som kjem etter oss får det bra. Det kallast berekraftig utvikling.

Om alle hadde levd som vi gjer i Noreg, ville vi trengt tre planetar for å skaffe nok ressursar til alle.

Om de har tid, sjå denne filmen på fire minutt om berekraft frå FN og Unicef Noreg. 

Berekraftig kosthald

Det er mykje vi kan gjere med kosthaldet for å leggje mindre press på jorda. Tre viktige ting er:

· Kaste mindre mat

· Resirkulere

· Ete mindre kjøt

Kaste mindre mat

Vi kastar så mykje mat at det svarar til kvar femte handlepose vi kjøper. For å kaste mindre mat kan ein til dømes:

  • Planleggje innkjøpa betre
  • Forsyne seg med mindre mat og ete opp maten
  • Vere flink til å bruke restar, både av matretter og råvarer
  • Bruke sansane for å vurdere om maten kan etast

Resirkulere

Resirkulering betyr å «bringe inn i eit krinsløp igjen». Det er mykje som kan resirkulerast, til dømes:

  • Matavfall
  • Glas og metall
  • Papir og papp
  • Plast

Mykje av avfallet kan brukast på nytt, til dømes kan matavfall bli til biogass som bussar brukar som drivstoff.

Ete mindre kjøt

Produksjon av kjøt brukar mykje ressursar, og det kan vere negativt for jordkloten. Det er fordi ein høgg ned mykje skog, plantar og dyr forsvinn og det forureinar.

Vi kan med fordel ete mindre kjøt og heller ete:

  • Grove kornprodukt
  • Frukt, bær og grønsaker
  • Bønner og linser
  • Fisk
Tilbake til Trygg mat nn