Til hovedinnhold

Oppsummer mat og berekraft

I denne oppgåva skal de oppsummere kva de har lært om temaa matsvinn, resirkulering og ete mindre kjøt.

Vi kan alle saman bidra til at jordkloten vår får det betre, som de har lært om i «Trygg mat». Vi kan til dømes kaste mindre mat, resirkulere avfallet vårt og ete meir plantebasert mat og mindre.  

Dette gjer de:

Del inn i tre grupper, eller bruk grupper de alt har. Kvar gruppe tar kvar si oppgåve.

  1. Matsvinn: Gå til temasida og les kva som står om matsvinn. Ta kvissen om mat og berekraft også. Deretter skriv de ei oppsummering på ei halv side av kva de har lært om å kaste mindre mat.
  2. Resirkulering: Gå til temasida og les kva som står om resirkulering. Ta kvissen om mat og berekraft også. Deretter skriv de ei oppsummering på ei halv side av kva de har lært om å resirkulere avfall.
  3. Ete mindre kjøt: Gå tilbake til temasida og les kva som står om å ete mindre kjøt. Ta kvissen om mat og berekraft også. Deretter skriv de ei oppsummering på ei halv side av det de har lært om å ete mindre kjøt.

Tips: Etterpå kan de gå gjennom oppsummeringane i klassen.