Til hovedinnhold

Redusere matsvinn

I denne oppgåva skal de klekke ut lure idear til korleis ein kan hindre matsvinn på skolen, heime og på restaurantar og hotell.

På verdsbasis kastast ein tredel av maten som blir produsert! Difor bør vi alle bli flinkare til å planleggje innkjøpa, ete opp maten og bruke restar.

Dette gjer de:

Gå saman fire og fire eller bruk grupper de allereie har. Diskuter med kvarandre og skriv ned svar på spørsmåla under. 

  1. Kva kan gjerast på skolekjøkenet for å kaste mindre mat?
  2. Kva kan gjerast heime hos folk for å kaste mindre mat?
  3. Kva kan restaurantar og hotell gjere for å kaste mindre mat?
  4. Diskuter i klassen kva de har kome fram til.

Tips: Stikkord kan vere å planleggje innkjøp, forsyne seg med mindre mat, bli flinkare til å bruke restar / mat som er til overs, og så vidare.