Til hovedinnhold

Storreingjering av fellesareal

No skal de lære korleis de vaskar alle fellesareala på kjøkenet skikkeleg.

I denne oppgåva er det læraren som må ta styringa. Grupper på inntil tre elevar får ulike soner som skal rydjast og reingjerast. Aktuelle oppgåver kan vere: Kjøleskåpet tømmast, mat som er utgått på dato kastast om han ikkje kan frysast eller brukast, og heile kjøleskåpet vaskast. Gjer det same med frysaren og lagringsstaden for tørrvarer. Vaskerommet rydjast, tekstil brettast og leggjast på plass, kostebrett reingjerast og så vidare. Dette kan gjerne skje som stasjonslæring.

Dette gjer de:

Jobb saman i gruppene de plar å ha på kjøkenet.

  1. Læraren går gjennom i plenum korleis dei ulike delane av fellesareala og kjøkenet skal vaskast. Vis korleis de skal rydje ut av og vaske kjøleskåp, frysar og skåp med tørrvarer, vaske vaskerom, brette tekstil og eventuelt gjere andre oppgåver.
  2. Kvar gruppe får sitt ansvarsområde, som dei skal vaske og rydje grundig slik læraren har vist.
  3. Dei som er ferdige med ansvarsområda sine, kan ta på seg ledige oppgåver eller hjelpe andre.

Tips: Om det er mogleg – la elevane ta bilete av resultatet og heng opp! Til dømes før og etter rydjinga.