Til hovedinnhold

Storreingjering på kjøkenet

I denne oppgåva skal de lære korleis de vaskar heile kjøkenet skikkeleg.

For å halde orden på kjøkenet og syte for gode hygieniske tilhøve er det viktig å ha gode rutinar for vedlikehald.

I denne oppgåva er det læraren som må ta styringa. Når elevane startar med skolekjøken, bør dei få gjere seg godt kjende på kjøkenet. Elevane må bli kjende med arbeidsstasjonane, med utstyret som er der, kvar det skal plasserast, kva det heiter og kva det brukast til.

Samstundes gjerast elevane kjende med hygienestandard for utstyret. Mat- og helselæraren må demonstrere for elevane kva som reknast for reint, og kva som reknast for ikkje-reint.

Dette gjer de:

Jobb saman i gruppene de plar å ha på kjøkenet.

  1. Læraren går saman med elevane gjennom korleis dei ulike delane av arbeidsstasjonane skal vaskast. Vis korleis ein vaskar komfyr, platetoppar, komfyrplater og innsida av skap, samt korleis ein sorterer og tel opp utstyr.
  2. Gå til gruppene dykkar. Del inn arbeidsstasjonen i ulike oppgåver; vask av komfyr, platetoppar og komfyrplater, innvendig skapvask samt sortering og oppteljing av utstyr.
  3. Kvar elev i gruppa får eit område som han eller ho skal vaske grundig, slik læraren har vist.
  4. Dei som er ferdige med ansvarsområda sine, kan ta på seg ledige oppgåver eller hjelpe andre.
  5. Når alle er ferdige med å vaske, kan de lage lister over utstyret på stasjonane dykkar. Lista ligg på stasjonen resten av året.