Til hovedinnhold

Test haldbarmerkinga

I denne oppgåva skal de bruke sansane til å finne ut om mjølka er gått ut på dato eller ikkje.

No har de lært om haldbarmerking og veit at nokre matvarer kan etast og drikkast etter at "best før"-datoen har gått ut. Vi må bruke lukte- og smakssansane våre for å vurdere om maten er trygg å ete. 

Dette gjer de:

I denne oppgåva treng de ikkje datamaskin eller nettbrett. Her skal de bruke sansane!

  1. Kjøp inn ein kartong med mjølk.
  2. Set mjølka i kjøleskåpet og la ho stå uopna til det har gått ei veke over haldbardatoen.
  3. Opne kartongen og hell litt mjølk i glas til kvar elev.
  4. Lukt på mjølka. Om ho luktar ok, kan de også smake på henne.

Tips: Mjølk inneheld laktose, og elevar med laktoseintoleranse bør ikkje drikke mykje mjølk. Elevane kan lukte på mjølka og smake litt om dei ønskjer. Elevar med mjølkeallergi skal ikkje drikke av mjølka.

Oppgåva kan også gjerast som ein blindtest der de har ein mjølkekartong som har gått ut på dato, og ein som er innanfor datomerkinga. Alle smakar på begge mjølkene, og skal gjette kven av dei som har gått ut på dato.