Hordaland

Nasjonalforeningen Hatlestrand helselag

Hatlestrand helselag i Kvinnherrad arrangerar temakveldar om for eksempel demenssjukdom, driftar ein folkesti og deltar blant anna i Nasjonalforeningen sin aksjon Hjerteuka.

Under Hjerteuka spreier Nasjonalforeningen for folkehelsen informasjon om sunne levevaner og samlar inn til hjerte- og karforsking. Vi har eit fokus på fysisk aktivitet, arrangerar hjertemarsj, har gågruppe og arrangerar torsdagsturar. Vi serverer frukt og skulefrukost til skuleelevar. Vi held også ei årlig Olsokfeiring.

For meir informasjon om kva som skjer i lokallaget, kan du halde auge med kunngjeringar i avisa og oppslag i nærmiljøet.