Hordaland

Nasjonalforeningen Hauge helselag

Hauge helselag på Osterøy har mange fine aktivitetar både for små og store i bygda.

Våre aktivitetar:

Folkestiar

Helselaget har, i samarbeid med grunneigarar, laga fleire folkestiar, som mange nyttar seg av. Stien på fjellet har om lag 3500 personar som skriv seg i bøkene årleg.

Haugatun

Helselaget har bygd femten eldrebustader som ligg ved Osterøytunet på Hauge. Helselaget har inngått leigeavtale med kommunen, som er ansvarleg for inntak.

Hjertemarsj

Helselaget arrangerer årleg hjertemarsj på folkestien i Hjerteveka, med quiz, stand med frukt og brosjyrer, samt sunne vaflar. Hjerteveka er ein årleg aksjon arrangert av Nasjonalforeningen for folkehelsen der ein informerer om sunne levevanar og samlar inn til hjerte- og karforskinga.

Bading

Helselaget har familiebading på Osterøy ungdomsskule kvar laurdag i både vår- og hausthalvåret, kl. 11 – 13.

Basar

Helselagsbasaren vert arrangert kvart år i månadsskifte okt./nov. Dei fleste gevinstane vert gitt av bygdefolk og bedrifter. Om lag halvparten av inntekten går til eit helsefremjande føremål, hjerteforsking og demenstiltak, vedteke av styret.

Demensaksjonen

Helselaget deltek i den årlege Demensaksjonen i september. Midlane som blir samla inn her går til forsking på demens og lokale demensaktivitetar.

Musikkgruppe

I samarbeid med folkeakademiet, vert det arrangert musikkgruppe som annankvar torsdag spelar for bebuarar og heimebuande på Osterøytunet. Aktiviteten er sponsa med midlar frå TV-aksjonen 2013.

For meir informasjon om kva som skjer i lokallaget, kan du halde auge med kunngjeringer i avisa og oppslag i nærmiljøet, eller ta kontakt med leiar i laget: Esther B. Halland, e-post: ebhal@online.no