Hordaland

Nasjonalforeningen Kinsarvik helselag

Kinsarvik helselag, i Ullensvang kommune, ønskjer å skapa gode møteplassar i bygda og setja fokus på sunne levevanar.

Helselaget har tilbod om:

  • seniortrim ein gong pr. veke.
  • kafe for eldre ein gong pr.mnd. 
  • ”karatreff” annakvar veke.
  • laget har hatt fleire ”sunn mat”-kurs for bebuarane på flyktningemottaket.

Helselaget deltek  i Nasjonalforeningen si Hjarteveke om våren, som samlar inn pengar til forsking på hjarte- og karsjukdommar. Laget er også med på den årlege Demensaksjonen om hausten, der midlane som vert samla inn går til forskning og lokalt demensarbeid.

Kinsarvik helselag ynskjer samarbeid med andre lag i kommunen for å få til fleire gode aktivitetar. Helselaget ynskjer å få trim/kafe/”karatreff- tilboda ut til fleire av grendene i kommunen.

For mer informasjon om hva som skjer i lokallaget, kan du halda auga med kunngjeringar i avisa og oppslag i nærmiljøet.