Hordaland

Nasjonalforeningen Matre og Haugsdal helselag

Matre og Haugsdalen helselag i Masfjorden ynskjer å bidra til betre helse og trivsel gjennom ulike aktiviteter som gågrupper, bassengtrening og strikkeklubb.

Våre aktivitetar:

Gågruppe

Helselaget ynskjer å legge til retta for at flest mogleg skal delta i fysisk aktivitet. Det er hyggeleg, sosialt og god trening.

Bassengtrening

Helselaget er glad for at bygda har det flotte bassenget. Symjing eller vanngymnastikk er god trening som gjev liten belastning på ømme ledd.

Strikkeklubb

Det er kjekt å kome samen, inspirerande å sjå kva andre held på med.  

Fokus på barnas helse

Helselaget samarbeider med skulen om tema kosthold og helse. Helselaget arbeider blant anna med å betre utearealet på skulen.

Aktivt og sosialt nærmiljø

Helselaget støtter opp om nærmiljøet fordi eit aktivt og sosialt nærmiljø fremmar god helse. Helselaget skapar møteplassar gjennom sine aktivitetar som tenning av julegran, basar, turar og pasientvennar til sjukeheimen. 

For meir informasjon om kva som skjer i lokallaget, kan du halde auge med kunngjeringer i avisa og oppslag i nærmiljøet.