Hordaland

Meland helselag

Meland helselag ønskjer å vera ein støttespelar lokalsamfunnet sitt, med å skapa gode møteplassar, for både unge og eldre, fordi vi trur på at aktivitet og sosialt nærmiljø skapar god helse.

Aktivitetar:

Meland helselag Eldresenter (på Meland sjukeheim) har
OPE HUS kvar tysdag kl 9 – 15, med trim som fast innslag, og
STIM (siste torsdag i mnd): samkome med bingo og dans kl 18 – 22.

PENSJONISTKORET har øving annankvar tysdag kl 13.30.
Velkommen, her er det plass til fleire!

SENIORDANS - kvar onsdag - kl 11 – 13. Eldresenteret.

DATAKLUBB - i samarbeid med Frivillighetssentralen har helselaget dataklubb for seniorar. Klubben er på eldresenteret kvar torsdag frå
kl 11-13.

Kvar torsdag er det STAVGANG, møt kl 11 bak gamle REMA på Frekhaug.

HÅRPLEIE - kvar torsdag frå kl 10 på sjukeheimen, for pensjonistar.
Tlf.: 90 20 14 58.

FOTPLEIE - for medlemer i alle aldrar - timeavtale tlf.: 56 17 73 11.

I tillegg skipar helselaget til samkome som vår-/sommarfest og julefest.

SYMJING - kvar laurdag kl 9.30 – 10.30 på Nordhordland folkehøgskule, for alle vaksne medlemer. Kontakt Inglaug Remme, tlf.: 56 17 70 59.

TURGRUPPE - onsdag kl 10.30. Møt opp bak Max Fitness.

STRIKKEKAFE - helselaget har, i samarbeid med biblioteket, strikkeklubb på biblioteket (Frekhaug senter) annakvar tysdag kl 12-14

BARN - helselaget gjev tilskott til føremiddagstreff for småbarnsforeldre og til tiltak for barn og unge i nærmiljøet. Humlebolet føremiddagstreff møtest kvar måndag kl 10 i Eldresenteret.

Helselaget har eit godt samarbeid med skulane om førebyggjande helsearbeid. Ein har kvart år hoppetaukonkurransen «Hopp for hjertet» for elevar frå 4.-7. klasse, med lokal premiering. Om hausten får alle 1. klassingane kvart sitt sitjeunderlag. Det vert gitt økonomisk støtte til arrangement på skular og barnehagar.

TRIVSELSTILTAK - helselaget gir gåver til mellom anna sjukeheimen og helsestasjonen for å auke trivselen til brukarane.

OPPLYSNINGSARBEID - helselaget driv opplysningsarbeid når det gjeld folkesjukdomane demens/alzheimer, tuberkulose og hjarte- og karsjukdomar, samt informasjon om sunt og riktig kosthald.

UTLEIGE - eldresenteret kan leigast ut til festsamkome og møter. Trivelege lokaler med mykje utstyr. Tlf.: 56 17 10 00.

Har du ein ide til noko som skapar trivsel, så ta kontakt med oss! Og vil du vere med ? Vi treng alltid frivillige og engasjerte medarbeidarar!

Kontaktpersonar i Meland helselag:

Olaug Tveit, leiar (Melandsvegen 68, 5918 Frekhaug)
tlf.: 56 17 72 41 eller 46 81 82 44, e-post: olautvei@online.no

Eli Skarpenes, (Skarpenesvegen 90, 5918 Frekhaug) mobil: 45 28 63 25.

Meland Helselag sine lokaler er i Eldresenteret: tlf 56 17 12 57.