Hordaland

Nasjonalforeningen Os demensforening

Vi i Os demensforening arbeider aktivt med pårørandekurs og bidrar til musikkterapi i demensomsorga. Vi har også bygd eit lysthus ved Luratunet omsorgsboligar.

Aktivitetar som vi arrangerer:

  • Temamøter:

Demensforeningen ønskjer å ta opp aktuelle tema om demenssjukdommane. Ønskje om tema kan meldast til leiar i foreningen.

  •  Pårørendekurs/temarekke:

Demensforeningen ønskjer å gje dei pårørande kunnskap om sjukdommen og rettleiing i kvardagen.

Tema kan være:

  • symptom og behandling
  • kommunikasjon med ein som har demenssjukdom
  • ernæring
  • korleis får ein verge
  • praktiske hjelpemidlar i heimen
  • korleis finna fram i hjelpeapparatet
  • korleis ta vare på seg sjølv som pårørande.

Gjennom demensforeningen kan du få oversikt over kor det blir arrangert slike pårørandekurs.

  •  Samtalar:

Demensforeningen ønskjer å gje dei pårørande anledning til å møta andre i same situasjon. Sjukdommen fører ofte til at nettverket fell bort. Demensforeningen ønskjer å etablera nye nettverk.

  • Annan aktivitet:

Pårørande ønskjer at den sjuke skal vera aktiv så lenge han eller ho kan. Demensforeningen kan få støtte til å setje i gang aktivitet. Demensforeningen kan sjølv starte tiltak for sjuke og pårørende.

For meir informasjon om kva som skjer i lokallaget, kan du halde auge med kunngjeringar i avisa og oppslag i nærmiljøet. 

Er du pårørande til en person med demens og ønskjer nokon likesinna å prate med? Då kan du kontakte vår likeperson.

Kitty Øxnevad

Kitty Øxnevad

Likeperson, Hordaland

915 72 333