Hordaland

Nasjonalforeningen Ramsøy helselag

Ramsøy helselag ønskjer at det skal vera gode, sosiale møteplassar i bygda, og vil derfor gjerne leggja til rette for ulike aktivitetar og arrangement.

Ramsøy helselag vart stifta i 1937 og er såleis meir enn 80 år gamalt. Dei fleste medlemene kjem frå Ramsøy/Hanøy-området, men me har og medlemer frå andre deler av Askøy. Helselaget har no om lag 40 medlemer. 

Laget har for tida desse faste aktivitetane:

  • Hyggestunder for bebuarar i Omsorgsbustadane på Ravnanger kvar 14. dag (i samarbeid med Askøy demensforening).
  • Symjing for vaksne/eldre i Terapibadet på Erdal kvar veke.
  • Yoga for alle aldersgrupper på Ramsøy kvar veke.

I tillegg har me:

  • Hjartemarsj i samarbeid med Ramsøy barnehage i mai. 
  • Me samarbeider og med Hanøy skule om Hoppetaukonkurransen, og med faget «Innsats for andre» på Ravnanger ungdomsskule. 
  • Me har og juleverkstad og kulturkveldar på Ramsøy.

Ta gjerne kontakt med leiar Sigrid Alvestad om du ønskjer å bidra på nokon måte, eller ønskjer meir informasjon om helselaget: sigalvestad@hotmail.com