Hordaland

Nasjonalforeningen Rosendal helselag

Rosendal helselag i Kvinnherad lagar til gode aktivitetar og skapar fine møteplassar som bidreg til betre helse og trivsel i kommunen.

Våre aktivitetar:

  • Eldrekafé
  • Turgruppe kvar torsdag.
  • Babytreff.
  • Besøk på Rosendalstunet, der vi gjev tilbod om hår- og fotpleie.
  • Onsdagstrim, i samarbeid med Seimsfoss helselag, kvar onsdag kl 10.30 på samfunnshuset.
  • Skulelunch på Malmanger skule haust og vår, i samarbeid med Seimsfoss helselag.

Alle er hjerteleg velkomne til å delta på våre aktivitetar!

Vi gjev óg økonomisk støtte til følgjande lag og prosjekt: Steinparken - ballbinge i Rosendal - Rosendal skulemusikk - badeplass i Skeishagen - Apejungelen - fritidsparken på skuleplassen - heis i badebassenget på skulen - gapahuk på Sjethaug.

Ønskjer du meir informasjon eller ønskjer å bidra med noko - vi treng alltid fleire frivillige - ta gjerne kontakt!  Anne Lise Bringedal, leiar; tlf.: 97 53 80 74, Ingrid Skeie, nestleiar tlf.: 959 30 236.